Vinje IL treng deg!
Postet av Vinje Idrettslag den 18. Apr 2016
Me treng DEG!
Vinje idrottslag er eit idrottslag med ca 500 medlemmar, og me driv mange ulike grupper og idrettar. Me har ei fotballgruppe, skigruppe, trimgruppe, volleyballgruppe, sykkelgruppe og barneidrett! Skikarusellar, skirenn, fotballskular, Vinjecup, vaflar i Jønnardalen og TA-trim. Bak alle desse aktivitetane og arrangementa ligg det mange dugnadstimar, for at borna skal oppleve idrettsglede, skape nye venskap, ha det moro i lag og oppdage nye opplevingar! Der er trenarar, lagleiarar, sjåførar, loddseljarar og is-seljarar. I tillegg sit det eit styre i idrottslaget. Og under der sit det eit styre i kvar gruppe som organiserer og planlegg alle aktivitetar og arrangement. Desse styra er nødvendige for å halde aktivitetane i gang, og for at vi skal vere eit fungerande idrottslag.
Me, Vinje idrottslag, ynskjer hjelp til forskjellige verv som er viktige for at me skal vere eit fungerande idrottslag. Me håpar at DU ynskjer å bidra! Oppgåvene er oppgåver alle klarer, og det er tett samarbeid innad i gruppene og i styrene. Ynskjer du å vere leiar i idrottslaget? Eller nestleiar? Me treng og nokon som kan vere med å planleggje og organisere Vinjedagslotteriet, kanskje du kan hjelpe til med det? I tillegg treng volleyballgruppa eit medlem i styret sitt, kanskje du kan bidra der?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.