Påmelding fotballsesongen 2017
Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 24. Nov 2016
Påmelding for fotballsesongen 2017 er i gang!
Påmelding for nesteårs 6 åringar finn du her:Påmelding 6 åringar
Påmelding for skuleelevar finn du her: Påmelding skuleelevar
Styret i fotballgruppa
Ny mogelegheit for å bestille klubbgenser!
Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 9. Okt 2016
Etter ynskje frå fleire så er det no ny moglegheit for å få kaupt den flotte klubbgenseren vår J
Velkommen til Vinjecup 2016
Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 12. Aug 2016
Velkommen til Vinje Cup 2016 på Åmot Stadion 20. august.
- Kampane går mellom kl. 10.00 og 14.30. Oppdatert kampopsett her: Oppdatert kampoppsett. Det er litt endringar på kampoppsettet til G08 (Bane 1).Det er ikkje endra på tidspunktet for 1. kamp for nokon av laga
- Parkering opnar kl 09.30 og er lokalisert til Vinjehuset og Groven Camping, 200 m frå fotballbanen. (Sjå kart her: Kart). Parkeringsavgift kr. 50,- (gjeld for heile Åmot). P-plassen ved Vinjehuset er reservert funksjonærar, lagleiarar og trenarar. (Gratis! Ved ynskje om å parkere andre stader i Åmot må ein kjøpe parkeringsbillett.)
- Det vil vere opphald i turneringa med premieutdeling for alle deltakarar mellom kl. 12.00 og 12.45.
- Sal av mat og drikke på plassen.
- Garderobar tilgjengeleg på førespurnad.
- Me har dessverre ikkje tribune fortida, så tak gjerne med eigne campingstolar.
- HUGS LEGGBESKYTTERE OG DRIKKE!
Velkommen til ein dag med mykje god fotballunderholdning! Me gledar oss veldig til dikkon kjem!
Helsing Vinje IL fotballgruppe
v/Åse Slåtta
Tlf.: 95256599
Samtidig med Vinjecup er det Vinjedagen i Åmot sentrum. Oppdatert program for Vinjedagen ser du her: Program VINJEDAGEN 2016 16.08.16.pd
Vinje IL genserar klare til henting!
Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 11. Jul 2016
Genserane som blei bestilt i fyrste omgang er no ferdig trykt og klare til henting!
Du kan hente dei på Sport 1!
Klubbgenser Vinje IL
Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 16. Jun 2016
Klubbgenser Vinje IL
Kvifor skal me ha klubbgenser?
- Inntekt til klubben: Ved hjelp av sponsorane på genseren gjev dette ei garantert inntekt til fotballgruppa tilsvarande ein dugnad på min. kr. 60.000,-.
- Saman med alle som bidreg som frivillige på dugnadar (trenarar, lagleiarar, baneutval, kioskvakter etc), er dette med å bidra til at me kan oppretthalde det gode tilbodet me har for ei relativt låg treningsavgift for alle.
- Det gjev nokon av våre beste samarbeidspartnerar og støttespelarar høve til å stø opp om og vise sympati til klubben vår gjennom å kjøpe ekstra sponsorplass (dette er i tillegg til deira øvrige sponsorat til klubben).
- Det gjev høve til alle med hjarte i klubben vår å bidra på ein frivillig «dugnad» om ein har lyst å høve til det. Som takk, får ein ein kjempefin støttegenser av beste kvalitet som skal berast med stolthet.
Kvifor kostar genseren kr. 400,-/450,-(veil 450,-/500,- utan trykk)?
Me har fått veldig god klubbpris frå Adidas på deira desidert mest populære overdel (under 240,- ink mva og frakt). Produksjon av trykk for alle sponsorane samt klubbemblem i fargar av ynskt kvalitet kjem på ca 170,-/genser. Trykkinga vert gjort på dugnad. Me kunne sjølvsagt lagt sponsorpengane i prisen på genseren, og på den måten fått ein enno lågare pris. Dess fleire genserar me då sel, dess mindre sit klubben att med… Sponsorar og frivillige som bidreg til klubben vår, ynskjer (ref sponsoravtale med td Statkraft) at stønaden og innsatsen deira skal gå til klubben og ikkje til sponsing av enkeltmedlemmer.
Me må beklage at denne informasjonen ikkje har kome tydeleg ut denne gongen, men håpar dette var oppklarande og forståeleg, og at flest mogleg har lyst og høve til å bestille seg ny klubbgenser. (Det vert nok 3-4 år til neste runde denne gongen også.)
Helsing Vinje fotballgruppe og Finansgruppa i Vinje IL