Treningsavgift fotball 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 28. Jun 2016

Me har no sendt ut faktura for treningsavgift, fotball, 2016. Den har du fått på e-post. Har du ikkje fått den på e-post kan du finne den inne på www.minidrett.no. Ligg du ikkje inne i vårt system med e-postadresse får du den i posten.


Du får ikkje betale treningsavgifta før du har betalt medlemskontigenten din! Den finn du og inne på www.minidrett.no.


Har du fleire born med på fotball, men kun fått ein faktura? Det er fordi at du har fått faktura spesifisert med "treningsavgift familie". Me har ein pris for eit born og ein pris for fleire born (400,- og 500,-).

Medlemskontigent må alle medlemmar betale. Treningsavgift må du betale til dei ulike gruppene der bornet/borna dine er med på ein aktivitet.


Har du spørmål kan du kontakte kasserar i fotballgruppa Gry Jeanette Hustveit, tlf 90574798, e-post gry_jeanette@hotmail.com.



Kampoppsett Vinjecup 2014

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Aug 2014

Her er kampoppsett for laurdagens Vinjecup! Kamoppsett Vinjecupen 2014.docx

-  Kampane går mellom kl. 09:30 og 14:15 (Vedlagt kampoppsett)
-  Parkering opnar kl 09.00 og er lokalisert til Vinjehuset og
   Groven Camping, 200 m frå fotballbanen. 
- Parkeringsavgift kr. 50,- (gjeld for heile Åmot).
  P-plassen ved Vinjehuset er reservert funksjonærer,
  lagleiarar og trenarar. (Gratis! Ved ynskje å parkere andre
  stader i Åmot må ein kaupe parkeringsbillett.)
- Det vil vere opphald i turneringa med premieutdeling for alle
  deltakarar mellom kl 11:30 og 12:15
- Sal av mat og drikke på plassen.
-  Garderobar tilgjengeleg på førespurnad.
- Me har dessverre ikkje tribune fortida, så tak gjerne med eigne campingstolar.

Velkommen til ein dag med mykje god fotballunderholdning :)

 


Oddspelar på Vinjecupen!

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Aug 2014

På laurdag under Vinjecupen vil me få besøk av Oddspelar Ole Jørgen Halvorsen.Han tek turen for å helse på alle fotballspellarane og har du lyst til å treffe ham så er han på Åmot stadion ca. kl. 14.00



Fotballskule på Åmot stadion

Postet av Vinje Idrettslag den 24. Jun 2014

Super fotballskule med oppfylde draumar!

6.-7. juni deltok 97 unge frå Vest-Telemark på Vinje fotballskule og fekk ei
uforgløymeleg helg med engelske fotballtrenarar.
Trenarane frå Colchester United var; Scott Peat, John Duckett, Danny King,
Tony Ashby og akademisjef Sean Thacker. Dei stod klare laurdags fyremiddag
til to dagar med fokus på teknikk, tempo og mykje ballkontakt. Samtidig med
dette var det viktig at spelarane kosa seg med fotballen og det såg det ut til!
Sundag ettermiddag drog spelarane slitne, men veldig nøgde, heim etter å ha
fått oppleve draumen med profesjonelle engelske fotballtrenarar.
4 deltakarar frå fotballskulen har blitt bedt over til England for prøvespel og trening ei
lang helg i august! Dei dreg over med Øyvind Kili som er eldsjelen bak fotballskulen.
Lukke til!