
Korleis bli medlem i Vinje Idrottslag?
Ynskjer du å bli medlem i Vinje Idrottslag kan du registrere deg som medlem på www.minidrett.no.
Enkeltmedlemskap 100,-. Familiemedlemskap 300,-
Ein er med i familiemedlemskapet til og med det året ein fyller 20 år!
Er du allereie medlem og ikkje har fått betalingskrav på epost? Kontakt leiar.
Fordelar med å vera medlem i Vinje Idrottslag
Som medlem i Vinje IL får du:
10 % på alle varer og 20 % på ski- og fotballutstyr hjå Sport 1 Vinje.
Rabatt på kjøp av årskort ved Rauland skisenter.
Du må vise medlemskort/kvittering med gyldig kvitteringsoblat ved kjøp.
Medlemskort finn du under Medlemskap i Min idrett.
Du vil bli innkalla til dugnad som billettør for bassenget på Vinjehuset 1-2 gonger pr år. Dette er ei triveleg vakt som varer eit par timar, der du tek imot betaling frå besøkjande og elles kan drikke kaffe/te og lese avisa eller strikke litt!
Min Idrett- vår medlemsadministrasjon
Når du ligg inne som medlem i vårt idrottslag, skjer betaling av kontingent og treningsavgift via online betaling i Min Idrett. Du får e-post når du har eit nytt betalingskrav. I Min Idrett ser du informasjon som ligg lagra om deg, du kan oppdatere registrert informasjon og skrive ut medlemskortet ditt. Her finn du eit informasjonsskriv om Min Idrett: Informasjon_i_klubb_om_KlubbAdmi20141125114804.pdf.
Du kan og laste ned appen "min idrett"! Der kan du betale medlemskontigent, treningsavgift og finne medlemskortet ditt.
For betaling av treningsavgift så skjer det via Spond.