Runar sin treningshaust

Postet av Vinje IL - Ski den 28. Sep 2015

Runar har sendt oss ei oppdatering frå korleis han har trena sålangt i haust, og kva som er planane framover! Vi takkar for flotte oppdateringar og ynskjer Runar lukke til på høgdeopphald og resten av oppkøyringa!

Treningsoppdatering

Etter den fyrste springeturen med eit islag i myra, er hausten verkeleg i gong!

Det har til no vore ein innhaldsrik haust. Etter sommarferien i Vinje reiste eg rett på treningssamling med Team Synnfjell. Denne vart gjennomført på Gamlestølen, i kanten av Synnfjellet. Det var ei tøff samling med opp imot 30 timar i boka. To viker seinare reiste teamet mannsterke til Toppidrettsvika i Aure. Her var det 4 konkurransar fordelt på 3 dagar. Ikkje bare norgeseliten var til stede, men og mange utanlandske landslag stilte til dyst. Det var særs moro å plutseleg gå side om side med verdsstjerner og kjenne at nivået ikkje var skremmande høgt. Eg avslutta samanlagt innanfor topp 30 og var nøgd med det.

I etterkant av Toppidrettsveka kjente eg at kroppen var sliten. Litt for mykje trening rett i etterkant resulterte i nokre sjukdomsdagar. Eg låg sjølvsagt ikkje på latsida og var med Lars Monsen både på tur over Canada og Nordkalotten. Sjølv om det iblant kan vera behagelig å sette seg ned i godstolen, blir eg mektig lei etter eit par dagar. Så det var godt at eg kunne byrje å trene igjen etter 5 dagar.



Etter sjukdomsperioden gjekk treninga bra, og det var sikkert ikkje så dumt for kroppen å få nokre rolige dagar. Førre vike var eg og Team Synnfjell på samling i Hemsedal. Mykje regn og kald vêr er inga unnskyldning. Heldigvis hadde me fått leige ei stor flott hytte, med eit varmt turkerom., så kleda var turre til neste økt. Samlinga såg slik ut:

Tir:

Reise til Hemsedal

Jogging + 30 min styrketrening 2t

Ons:

1.3000 meter + 6*3 min stakeinervall 2t

2.Rulleskiskøyting med teknikktrening 2t

Tor:

Langtur. 2t skøyting+ 2t jogging + 2t staking 6t

Fre:

1.Kontrollert skøyteintervall. 7*10 min 2.5 t

2.Restitusjon. Fotball 1t

Lør:

1.Elghufs intervall. 7*6 min 2t

2.Langtur staking 3t

Søn:

1.Langtur løp i fjellet 3.5t

Heimreise





Bilete frå elghufsintervallen ved Jostein Vinjerui

Samlinga i Hemsedal var svært oppløftande for min del. Eg fekk gjennomført mange gode økter, og framgangen frå førre samling er betydelig. Eg byrjar å føle meg sterk på trening og å trene jamt over 20 timar på ei vike er ikkje noko problem lengre.

Torsdag 1. Oktober reiser deler av teamet til Tignes i Frankrike på høgdeopphald. Der skal me vere i to viker. Her kan me gå på ski, rulleski og springe. Eg har aldri vore på høgdeopphald før, så dette blir spanande! Utifrå Google sine bilete ser det ikkje ut som om ein godt vandt gut i frå Vinje skal lide nokon nød.





Tignes, Frankrike

Runar




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.