Runar er klar for ny sesong i skisporet!

Postet av Vinje IL - Ski den 26. Sep 2014

Runar S. Mathisen sendte oss idag ein liten update på korleis han ligg ann fram mot sesongstart og litt om kvardagen som toppidrettsutøvar! 

Etter at sumarferien i Vinje var ferdig har flyttelasset igjen gått til Lillehammer. Tilbake til ein hektisk kvardag med trening 2 gonger til dagen kun avbrote av skulegang ved Høgskulen i Lillehammer. Det er moro å treffe igjen og trene saman med mange gode skiløparar! I år delar eg leilegheit med ein skiløparen frå Høydalsmo, Eivind Kvaale. Mange av øktene blir gjennomført i saman med han.

Ein typisk dag kan sjå slik ut:
- 1. økta klokka 08.00. 3 timar springing i terreng og myr
- Skule i nokon timar
- 2. økta klokka 16.00. Rulleski 1 time + 1 time styrketrening

Mykje av dagen blir bruka til restitusjon. Å kvile er like viktig som å trene. Utan tilstrekkeleg med kvile vil ikkje kroppen utvikle seg optimalt.

I år er eg ein del av Team Synnfjell i tillegg til at eg er medlem av Vinje IL.
Eg har vore på samlingar med Team Synnfjell. Det er lagt opp til sju dagar der alt handlar om trening og kvile. I slike veker kan eg kome opp i 30 timars trening, men på siste samling var eg diverre sjuk nokon dagar. Imidlertid må ein neste rekne med litt slikt no som hausten melder sitt inntog.

Før sesongen føler eg at eg ligg godt an! Det er to månader til første skirenn på Beitostølen. Fram til sesongstart må dei siste førebuingane gjennomførast, og eg håpar at eg vil vera i godt slag til Beitostølen. Det er framleis plass til mange treningstimar før den tid!

Det største målet mitt for sesongen vil vere Norgescupen. Det er 5 helger som inngår i denne cupen, og dei beste norske skiløparane er med. Den viktigaste helga denne vinteren vil vera NM på Røros i slutten av januar. Då håpar eg å finne toppforma!
Den fyrste Norgescup helga er allereie veka etter opninga på Beitostølen og vil haldast på Gålå. Dette er diverre same helga som Vinjerennet på Vierli. Eg har difor ikkje moglegheit til å deltaka her.

Eg håpar alle heime er godt i gang med treninga og gleder seg like mykje til vinteren som eg gjer!

Med venleg helsing
Runar Skaug Mathisen

PS
Følg med på www.teamsynnfjell.no




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.