Ny leiar av fotballgruppa er på plass!
Postet av Vinje Idrettslag den 21. Mar 2019
Me har gleda av og informere om at Sigrid Hylland og Jeanette Aamyri Olsnes saman tek på seg vervet som leiar av fotballgruppa!
Uvisst om NRK har ei nøkkelrolle i denne avgjerda men me er uansett utruleg takksame og glade for at dei tek på seg jobben!😀
Leiar av trimgruppa er dermed eit ledig verv som me håpar fell på plass snarast. Sigrid har hatt dette vervet i fleire år. Ta gjerne kontakt med Sigrid om du lurar på kva vervet inneber. I hovedtrekk er det ansvar for vaffelsteikarar i Jønnardalen, barnetrimmen innandørs om hausten, turløypene/turkort. Meld deg til valnemnda, leiar eller Sigrid.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.