Hopp til sideinnhold
Veksle navigasjon
Meny
Nyheter
Nyheter
Blogg
Arkiv
Klubben
Galleri
Styret
Grupper
Medlemskap
Trafikksikker klubb
Krav om politiattest
Kategori
Alle innlegg
Fotballgruppa (4)
Info frå styret (19)
Skigruppa (1)
Trimgruppa (5)
Vinje IL (17)
RSS
Arkiv
2020 (1)
2019 (5)
2018 (5)
2017 (11)
2016 (21)
2015 (15)
2014 (14)
IDRETTSLEIKAR
Postet av
Vinje Idrettslag
den
8. Nov 2017
15. - 17.august 2017 vart det arrangert idrettsleikar på Åmot Stadion. Det var tre ettermiddagar med noko blanda ver, men at veret ikkje har noko å sei for idrettsglade ungar fekk me fort erfare. Humøret var på topp, og idrettsgleda stor. Det var 8 ulike stasjonar; 60 meter, hekk, lengde, høgde, ballkast, leik, hinderløype og fyrstehjelpsstasjon. Ungane blei dela i grupper, og gjennom to dagar fekk dei prøve ut dei ulike idrettsgreinene. Siste dagen var det eit
myldrestevne der alle kunne få tatt tid på kor fort dei sprang, måle kor langt dei kasta, kor langt dei hoppa, kor høgt dei hoppa og til slutt var det eit langløp rundt idrettsbanen. Idrettsleikane blei avslutta med diplom og medaljeutdeling, kake og drikke! Vil nytte høvet til å sei tusen takk til foreldre som stilte opp som hjelparar, og ikkje minst tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar! Nedanfor fylgjer nokon glimt frå dagane me hadde i august!
Del
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.