Velkommen til Vinjecup 2016

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 12. Aug 2016

Velkommen til Vinje Cup 2016 på Åmot Stadion 20. august.

Kampane startar kl.10.00.

  • Kampane går mellom kl. 10.00 og 14.30. Oppdatert kampopsett her: Oppdatert kampoppsett. Det er litt endringar på kampoppsettet til G08 (Bane 1).
    Det er ikkje endra på tidspunktet for 1. kamp for nokon av laga
  • Parkering opnar kl 09.30 og er lokalisert til Vinjehuset og Groven Camping, 200 m frå fotballbanen. (Sjå kart her: Kart). Parkeringsavgift kr. 50,- (gjeld for heile Åmot). P-plassen ved Vinjehuset er reservert funksjonærar, lagleiarar og trenarar. (Gratis! Ved ynskje om å parkere andre stader i Åmot må ein kjøpe parkeringsbillett.)
  • Det vil vere opphald i turneringa med premieutdeling for alle deltakarar mellom kl. 12.00 og 12.45.
  • Sal av mat og drikke på plassen.
  • Garderobar tilgjengeleg på førespurnad.
  • Me har dessverre ikkje tribune fortida, så tak gjerne med eigne campingstolar.
  • HUGS LEGGBESKYTTERE OG DRIKKE!

Velkommen til ein dag med mykje god fotballunderholdning! Me gledar oss veldig til dikkon kjem!


Helsing Vinje IL fotballgruppe

v/Åse Slåtta

Tlf.: 95256599

vinjefotball@gmail.com


Vinn reisegåvekort verdt 5.000,- på parkeringsbilletten:

Samtidig med Vinjecup er det Vinjedagen i Åmot sentrum. Oppdatert program for Vinjedagen ser du her: Program VINJEDAGEN 2016 16.08.16.pd

For heile Åmot er det ein parkeringsavgift på kr. 50,- som gjeld for alle parkeringsplassar heile dagen.
Parkeringsbilletten er ein del av lotteriet som blir trekt kl. 16.00 i Vesaasparken.
Hugs å skriv namnet ditt på billetten og legg den i Folkeakademiet sin postkasse ved scena utanfor kommunehuset
innan kl. 15.30. Du må sjølv være tilstade under trekninga.
Hovudpremien er reisegåvekort verdt 5.000,- kr gjeve av
Folkeakademiet og Fotballgruppa i VIL.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.