Skitrening hausten 2015

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Okt 2015

Skitrening hausten 2015
Oppstart veke 42


1.-4. klasse:
- torsdagar 17 00 – 18 00. Gymsalen Vinjehuset
- hugs innesko og drikkeflaske
Trenar 1.-2. klasse: ?? Vi manglar trenar(ar) til denne gruppa
Trenar 3.-4. klasse: Tone Midtbø
Denne treninga inneheld ulike gymaktivitetar.


3. – 4. klasse (og dei som ikkje har prøvd rulleski før):
- tysdagar 17 00 – 18 00. Rulleski – oppmøte bak Fristadsenteret. Skigruppa har ein del rulleskipar til utlån.
- hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpigg, skøytesko/combisko, drikkebelte, hanskar
Trenar: Tone Midtbø

5. klasse og oppover:
- tysdagar 18 00- 19 30. Rulleski- oppmøte bak Fristadsenteret. Trenar: Ingjerd Utistog Kleiv og Aslak Krossbakken
- hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpigg, skøytesko/combisko, drikkebelte, hanskar
- torsdagar 17 30 – 19 00. Barmark +styrke inne. Oppmøte ved Vinjehuset
- hugs joggesko og innesko, drikkebelte, klede etter veret, refleksvest
Trenar: Ingjerd Utistog Kleiv

Oppstart i veke 42 for begge grupper.
Dei som har lånt rulleski av skigruppa kan ta desse med til fyrste trening, tysdag 13.10.

Aktivitetar
For dei som tenkjer å vera med på skitrening denne sesongen

Torsdag 22.oktober – terrengløp! Oppmøte for oppvarming og påmelding i Brubakk kl 17 00. Start kl 17 30
- Terrengløpet er opent for alle frå 1. klasse og oppover- born og vaksne!

Treningsavgift
Treningsavgift er kr. 300,- for fyrste gut/jente og kr. 200,- for sysken. Kan betalast kontant på dei fyrste treningane eller til kontonr. 1503.10.63466. Betalingsfrist 1. november. Treningsavgifta dekkjer skikarusellen.

Ynskjer stor og små velkomen til treningskveldar!

Med helsing skigruppa
v/Tone Midtbø


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.