Til deg som er medlem i Vinje IL

Postet av Vinje Idrettslag den 6. Des 2014

Vinje IL- eit idrettslag drive på dugnad

Vinje IL er eit fleiridrettslag med om lag 600 medlemmar. Vi har fotballgruppe, skigruppe, volleyballgruppe, sykkelgruppe, trimgruppe og barneidrett. Alle desse gruppene har eit styre og tilbyr ulike aktivitetar der det er frivillige sjeler som står bak. Vi har badevakter som stiller på dugnad slik at bassenget er ope, løypekøyrarar som trakkar løyper, trenarar og lagleiarar. Skikarusellen i Brubakk blir ikkje bare ordna av seg sjølv, det gjer heller ikkje Vinjecupen, klubbdressar, fotballskulen, barneidretten, friidrettsleikane, Vinjerennet eller vaffelsondagane i Jønnardalen. Leiarar, kasserarar, sekretærar, styremedlemmar planlegg og brukar mykje av si fritid for at flest mogeleg skal ha eit aktivitetstilbod å gå til. Også har vi og dei som stiller opp kvar veke som trenar eller lagleiar.. Kva skulle vi gjort utan dei?

I desse dagar har du fått e-post frå oss i idrettslaget. Det gjeld din medlemskontigent. For at alle desse dugnadsåndene står på å gir oss mange tilbod, må dei som deltek betale medlemskontigent. Vi vil vel fortsatt ha premiar ved endt fotballsesong eller skisesong, fotballbane, skiløyper og utstyr? Eller Vinjecup, Vinjerenn, barneidrett, vaffelsondagar og fotballskule?

I e-posten har du fått brukarnamn og passord til å logge inn i www.minidrett.no, der det ligg informasjon om ditt medlemskap og eit betalingskrav. Har du familiemedlemsskap kan du legge inn dine familiemedlemmar her, om dei ikkje ligg der allereie. Betalingskravet som ligg i minidrett gjeld din medlemskontigent for 2015, difor får du ikkje skrive ut medlemskortet ditt før i januar 2015. Medlemskortet finn du på www.minidrett.no under medlemskap.

Har du eller dine aldri vore medlem før, er det fint om du sender inn namn, adresse, e-postadresse, fødselsnr til laila.apeland@gmail.com. Er det born under 10 år som blir meldt inn, blir dei lagt inn som familiemedlem, og du må oppgi namn, adresse, e-post og fødselsnr på foreldre og syskjen i tillegg.



Prisar på medlemskontigent er: 300kr for enkeltmedlemskap, 600kr for familiemedlemskap

Betalar du medlemskontigent i eit anne idrettslag og kun trenar hjå oss, får du kun betalingskrav på treningsavgifta.

Som medlem i Vinje IL får du -10% på alt du kjøper, når du viser medlemskortet ditt på Sport1 Fristadsenteret. På fotballutstyr og skiutstyr får du -20% når du viser medlemskortet ditt! Fram til du kan skrive ut ditt medlemskort for 2015 på www.minidrett.no, kan du bruke ditt noverande medlemskort!



Styret

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.