Tøpp 5!

Postet av Vinje Idrettslag den 2. Jun 2016

Trimgruppa prøvar i år noko nytt!

TØPP 5 har me kalla det. Her er ideen at du må koma deg opp på 5 toppar i løpet av sommaren/hausten.

Toppane er : Hyljås, Fonnlinuten, Furufjell, Vehuskjerringa og Fjellhovdane.

Klarar du dette er du med i trekninga på eit gåvekort verdi 2000 kr. Kortet finn du i postkassene, det må leverast innan 24.oktober på Sport 1 i Åmot.

I tillegg til TØPP 5 har me framleis turbøkar, der du også kan vinne gåvekort.
Postkassene finn du her :

Vehuskjerringa ,Fonnlinuten, Hyljås, Gapahuken (ved Hyllandshylen) Ormetjønn, Brubru, Steimerre, Kappelnuten , Jønnardalen , Mærstøyl, Fjellhovdane, Eivindskvileplass, Espelid, Smørkleppdalen (Sandhyl, Fitjevatn, Leistveit), Furufjell (NY!).
Kart over toppane og turløypene kan du kjøpe på Sport 1, Tenestetorget, Esso, Groven camping og Rauland turist.
Me ynskjer alle ein riktig fin tursommar!
Trimgruppa



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.