Tida fram mot NM og stafett

Postet av Vinje IL - Ski den 4. Jan 2015

Under NM på ski på Røros i slutten av januar stiller det i år eit lag frå Vinje IL. Vi har 3 karar som stiller til start, til stor glede for klubben! Dei 3 er Runar S. Mathisen, Kjell Einar Erikstein og Knut Halvor Erikstein.

Dei gler seg til å gå stafett på Røros, men trur ikkje det er realistisk med så veldig store forhåpningar. Det er eit sterkt startheat, men Runar seier dei må prøve å ligge så godt ann som mogeleg så lenge som mogeleg. Med 1 toppløpar på fyrste etappe og 2 avdanka mosjonistar på dei neste etappene, meinar Knut Halvor det er litt vanskeleg å seie korleis dette kjem til å gå. Men ein ting er dei 3 samde om- det blir spennande!

Formen vil dei ikkje seie så mykje om.. Men dei håpar å få lagt ned ein solid treningsinnsats framover mot stafetten.

Vi ynskjer dei lukke til med oppkøyringa, og gler oss til NM på Røros!





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.