Kontakt oss: 

Vinje IL v/Ingrid Sudbø Tveito

Juvbakkstubben 4, 3890 Vinje

E-post: ingrid.tveito@gmail.com

Tlf: 41477230

Krav om politiattest

Alle som er trenarar, lagleiarar, styremedlemmar og badevakter må skaffe seg politiattest.

Vedlagt ligg bekreftelse på formål med politiattest, og på denne må du fylle ut namn, fødselsnummer, stillingsbeskrivelse (trenar, lagleiar, badevakt, styremedlem). Fyllast ut og sendast som vedlegg med søknaden. Du finn den her: Bekreftelse på formål om politiattest

Slik gjer du ved elektronisk søknad:

  • Fyll inn namn, fødselsnummer og stillingsbeskrivelse på bekreftelsen frå idrottslaget
  • Elektronisk søknad:
  • gå inn på www.politi.no/tjenester/politiattest
  • vel elektronisk søknad om politiattest på høgre side
  • du må logge inn med MinId
  • vel frivillig organisasjon
  • legg ved bekreftelse på formål med politiattest som er signert av leiar i idrottslaget. Print den ut, fyll inn, og scann inn att på pc.
  • Send søknad
  • Når du får den tilbake i posten, vis den til leiaren i di gruppe (fotball, ski, volleyball). Badevakter må vise til Hassan.

Slik gjer du ved søknad per post:

  • Fyll ut dette skjemaet Søknad om politiattest
  • Hugs å send med vedlegg om bekrefelse på formål om politiattest
  • Hugs kopi av legitimasjon
  • Send søknad i posten.
  • Når du får den tilbake i posten, vis den til leiaren i di gruppe (fotball, ski, volleyball). Badevakter må vise til Hassan.

Søknad må sendast så fort som mogeleg!

Ved spørsmål kontakt leiar i hovudlaget.

STYRET VINJE IL 

Leiar: Ingrid Tveito

Nestleiar: Andrea Keil-Hovden

Sekretær: Bjønn Tveito 

Kasserar: Anne Strandskogen Hamre

Styremedlem: Hassan Samahle

Powered by: Bloc