Korleis bli medlem i Vinje Idrottslag?

Ynskjer du å bli medlem i Vinje Idrottslag kan du registrere deg som medlem på www.minidrett.no.

Du kan eventuelt sende epost til leiar med fylgjande info: namn, fødselsdato, gateadresse, postnr, mobil, epostadresse, familiemedlemsskap/enkeltmedlemsskap. Ynskjer du familiemedlemsskap må vi og ha namn, fødselsdato, gateadresse, postnr på alle familiemedlemmer. 

Medlemmar under 10 år blir knytt til familiemedlemskap og kan ikkje ha enkeltmedlemskap. 

Enkeltmedlemskap 300,-. Familiemedlemskap 600,-

Ein er med i familiemedlemskapet til og med det året ein fyller 20 år!

Er du allereie medlem og ikkje har fått betalingskrav på epost? Kontakt leiar.

Fordelar med å vera medlem i Vinje Idrottslag

Som medlem av Vinje Idrottslag får du -10% på alle varer på Sport1 Fristadsenteret når du viser fram medlemskortet ditt, om du handlar skiutstyr eller fotballutstyr får du 20%. Hugs difor medlemskortet ditt når du handlar på Sport1 Vinje Fristadsenteret! Medlemskortet får du printe ut frå  www.minidrett.no.

Du vil bli innkalla til dugnad som billettør for bassenget på Vinjehuset 1-2 gonger pr år. Dette er ei triveleg vakt som varer eit par timar, der du tek imot betaling frå besøkjande og elles kan drikke kaffe/te og lese avisa eller strikke litt!




Min Idrett- vår medlemsadministrasjon

Når du ligg inne som medlem i vårt idrottslag, skjer betaling av kontingent og treningsavgift via online betaling i Min Idrett. Du får e-post når du har eit nytt betalingskrav. I Min Idrett ser du informasjon som ligg lagra om deg, du kan oppdatere registrert informasjon og skrive ut medlemskortet ditt. Her finn du eit informasjonsskriv om Min Idrett: Informasjon_i_klubb_om_KlubbAdmi20141125114804.pdf.

I Min Idrett skjer og påmelding til ulike arrangement- så du loggar deg inn, trykkjer på påmelding, søkjer opp arrangementet du vil melde deg på, trykkjer "meld på" og fyller ut informasjon som trengs.

Følg lenkja her og du kjem rett inn til innlogginga: Min Idrett

For betaling av treningsavgift må du velje det bornet/borna som deltek i den aktuelle idretten for å få fram fakturaen! Du finn den ikkje inne på deg sjølv.


Du kan og laste ned appen "min idrett"! Der kan du betale medlemskontigent, treningsavgift og finne medlemskortet ditt.


Levert av IdrettenOnline