Vinje IL - Fotballgruppa

Vinje IL - Fotballgruppa

Klubbgenser Vinje IL

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 16. Jun 2016

Klubbgenser Vinje IL


Kvifor skal me ha klubbgenser?

- Inntekt til klubben: Ved hjelp av sponsorane på genseren gjev dette ei garantert inntekt til fotballgruppa tilsvarande ein dugnad på min. kr. 60.000,-.

- Saman med alle som bidreg som frivillige på dugnadar (trenarar, lagleiarar, baneutval, kioskvakter etc), er dette med å bidra til at me kan oppretthalde det gode tilbodet me har for ei relativt låg treningsavgift for alle.

- Det gjev nokon av våre beste samarbeidspartnerar og støttespelarar høve til å stø opp om og vise sympati til klubben vår gjennom å kjøpe ekstra sponsorplass (dette er i tillegg til deira øvrige sponsorat til klubben).

- Det gjev høve til alle med hjarte i klubben vår å bidra på ein frivillig «dugnad» om ein har lyst å høve til det. Som takk, får ein ein kjempefin støttegenser av beste kvalitet som skal berast med stolthet.

Kvifor kostar genseren kr. 400,-/450,-(veil 450,-/500,- utan trykk)?

Me har fått veldig god klubbpris frå Adidas på deira desidert mest populære overdel (under 240,- ink mva og frakt). Produksjon av trykk for alle sponsorane samt klubbemblem i fargar av ynskt kvalitet kjem på ca 170,-/genser. Trykkinga vert gjort på dugnad. Me kunne sjølvsagt lagt sponsorpengane i prisen på genseren, og på den måten fått ein enno lågare pris. Dess fleire genserar me då sel, dess mindre sit klubben att med… Sponsorar og frivillige som bidreg til klubben vår, ynskjer (ref sponsoravtale med td Statkraft) at stønaden og innsatsen deira skal gå til klubben og ikkje til sponsing av enkeltmedlemmer.

Me må beklage at denne informasjonen ikkje har kome tydeleg ut denne gongen, men håpar dette var oppklarande og forståeleg, og at flest mogleg har lyst og høve til å bestille seg ny klubbgenser. (Det vert nok 3-4 år til neste runde denne gongen også.)

Helsing Vinje fotballgruppe og Finansgruppa i Vinje IL



Klubb-/fotballgenser

Frist for bestilling; fredag 17.06
Prisane er; 450,- for vaksen og 400,- for born.

NB!
Storleikar;
Barn; 140-164
Vaksen; S-XXL

Bestilling skjer med betaling til; 1503.10.63482
og merk betalinga med storleik og antal.

Genseren som blir bruka denne gongen er Adidas Tiro 15, sjå bilete (genseren før klubbemblem og sponsorlogoar blir trykt på.)





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline