Ny sesong nye moglegheiter!

Postet av Vinje Idrettslag den 30. Mai 2016

Ny sesong nye moglegheiter!


Hei igjen!


Sjølvsagt finnes det skiløparar på Island og………..
Sesongen 2016/17 er for lengst i gong. Etter ein liten månad med ferie i April, som blei bruka til å gå fleire skirenn både i Noreg og på Island, er dieselmotoren fylt til randen. Gode resultat på tampen av førre sesong, med ein 23. plass på NM 5 mila og siger i både Knarren rundt og Fossavatnsgangan 25 km på Island, gav motivasjon for å starte på ein ny barmarkssesong. Seist eg hadde eit innlegg her på heimesida til Vinje IL, var eg utlånt til Team Synnfjell. No har eg endeleg fått høve til å kalle meg ekte telemarking. Som representant for Vinje IL og løpar for Team Telemark, kan eg igjen kalle meg telemarking.
Det nystarta Team Telemark er eit profesjonelt langrennsteam. Grunnstamma av løparane kjem frå Telemark, mens det og er henta inn eminente løparar på dame og herresida for å tilføre erfaring, og skape ei sterkare gruppe. Dei fleste samlingane vil vere i Telemarks regionen. Tanken bak laget er sjølvsagt å utvikle gode langrennsløparar. I tillegg ynskjer Team Telemark å fronte fylket og dei moglegheitene som finnes her, inspirere til aktivitet hos unge og gamle og vere ei samlande kraft for regionen.

Team Telemark med luer frå Helterennet

Fyste samling er allereie gjennomført. Oppstartssamlinga vart gjennomført på Gaustablikk, der me fekk trene i bratte bakkar og fint vêr. Med eigen kokk (styreleiarenn er eit multitalent) og flott utsikt frå kjøkkenbordet var det ikkje vanskeleg å koma seg opp om morgon. Laget synes å vera ei svært lovande gruppe. Med alt frå erfarne verdscupløparar til sterke fyrsteårsseniorar, blir detta ein eksplosiv miks. På samlinga fekk me trent mange gode økter, inkludert elghufs opp Krossobanen og stakeøkt frå Rjukan og opp bakkane til Gaustablikk. Det er no grunnlaget leggast for å tole den harde treninga til hausten. Er eg for dårlig trent når eg kjem til august, vil eg ikkje kunne oppretthalde den intensiteten og timetalet eg veit må til for å gå fort til vinteren.

Utsikten frå frukostbordet


Planane for sumaren en mange. Neste veke har eg seiste eksamen på årsstudium i Pedagogikk. Direkte etter eksamen går vegen til samling på Vikafjellet med teamet, der det skal bli gått mange mil på ski. Attende i sumarveret kjem eg til å vere trenar ved Sommarland Skifestival i Bø. Der håpar eg å møte mange løparar frå Vinje IL! Som avslutning i Bø blir det arrangert 50 km klassisk rulleski i Lunde/Kanalrennet. Her stiller heile norgeseliten i langløp, så det er verkeleg noko å bryne seg på. To dagar seinare sit et på flyet til høgdesamling i Pyreneene i Frankrike. Her blir eg i tre veker, og skal trene saman med blant anna teamkamerat Mikael Gunnulfsen. Vel heime er det ikkje mange vekene før samling i Kragerø med Team Telemark. Timeplanen er som dykk skjønar tima og tilrettelagt.

Sommarland skifestival 2015


Følg gjerne med Team Telemark på Facebook med @teamtelemarkas, Instagram og Snapchat med namnet: teamtelemark

God aktiv sumar!
Helsing
Runar





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.