Vinje IL treng deg!

Postet av Vinje Idrettslag den 18. Apr 2016


Me treng DEG!

Hei DU som ynskjer å bidra slik at barn og unge skal ha moglegheit til å få oppleve idrettsglede, få skape nye vennskap, ha det moro i lag og å få nye opplevingar! DU som ynskjer å vere med å bidra til at bygda vår er ein god stad å vekse opp, og at det er ei bygd med liv og aktivitet! DU som veit at skal ein skape noko så må ein bidra!

Vinje idrottslag er eit idrottslag med ca 500 medlemmar, og me driv mange ulike grupper og idrettar. Me har ei fotballgruppe, skigruppe, trimgruppe, volleyballgruppe, sykkelgruppe og barneidrett! Skikarusellar, skirenn, fotballskular, Vinjecup, vaflar i Jønnardalen og TA-trim. Bak alle desse aktivitetane og arrangementa ligg det mange dugnadstimar, for at borna skal oppleve idrettsglede, skape nye venskap, ha det moro i lag og oppdage nye opplevingar! Der er trenarar, lagleiarar, sjåførar, loddseljarar og is-seljarar. I tillegg sit det eit styre i idrottslaget. Og under der sit det eit styre i kvar gruppe som organiserer og planlegg alle aktivitetar og arrangement. Desse styra er nødvendige for å halde aktivitetane i gang, og for at vi skal vere eit fungerande idrottslag.

Me, Vinje idrottslag, ynskjer hjelp til forskjellige verv som er viktige for at me skal vere eit fungerande idrottslag. Me håpar at DU ynskjer å bidra! Oppgåvene er oppgåver alle klarer, og det er tett samarbeid innad i gruppene og i styrene. Ynskjer du å vere leiar i idrottslaget? Eller nestleiar? Me treng og nokon som kan vere med å planleggje og organisere Vinjedagslotteriet, kanskje du kan hjelpe til med det? I tillegg treng volleyballgruppa eit medlem i styret sitt, kanskje du kan bidra der?

Alle desse oppgåvene er dugnadsarbeid, og det er den måten me driftar idrottslaget vårt på! Ulønna, frivillig arbeid for fellesskapet. For bygda me bur i, for idrottslaget, for idrettsglede! Meld deg frivillig i ein av desse verva, og bidra til aktivitet, arrangement og idrettsglede!


Mvh
Styret Vinje IL v/leiar Maria Bruleite Bjåen
Mail: maria_b_bjaen@hotmail.com,
Tlf: 91719899





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.