Stolpejakten 2020
Postet av Ingrid Sudbø Tveito den 15. Jul 2020
Vinje kommune har i samarbeid med turistinformasjonane, Vinje IL, IL Dyre Vaa og ivrige hytteeigarar sett ut 57 stolpar i kommunen. Dette er fyrste året vårt og me er spente på om det blir mange "stolpejegarar" i kommunen vår.
Sommaren 2020 finn du stolpar i Åmot sentrum, Rauland sentrum, Edland/Haukeli sentrum, Raulandsfjell, Vierli og Vågslid.
Stolpejakten er eit lågterskel aktivitetstilbod og ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Stolpejakten er eit gratis tilbod for alle. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR-kode om du vil nytta telefonen.
Dei ulike fargane syner kor vanskeleg det er å finne stolpane:
Grøn - Svært lett
Blå - Lett
Raud - Middels
Svart - Vanskeleg
Stolpane kan registrerast på 3 måtar:
1. Skriv kodane og namnet på kartet og lever på tenestetorget før 1. november.
2. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på sida di.
3. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR-kode som du finn på dei ulike stolpane.
Papirkart med kodeskjema kan de få på Groven Camping, Rauland Turist og Haukeli Bue. Du kan også laste ned frå www.stolpejakten.no under kart på "brukarvalg" til høgre på sida etter at du har registrera deg.
Bli med på jakta! Er du innom 25 stolpar så blir du med i trekninga av 3 premiar: 2 gåvekort på kr 1.000,- (Rauland fjellsport eller på butikkar i Åmot sentrum) og ein kjølebag med spanande innhald.
Hugs å levere skjema til tenestetorget før 1. november om du nyttar manuelt skjema.
Ha ei god jakt!
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ingrid Sudbø Tveito

Bidrag til løypekøyring
20.01.2021

Trekning av turbøker sommaren 2020 og Topp-8
20.11.2020

Deltakartilskot for 2019
19.05.2020

Digitalt årsmøte
22.04.2020

Koronavirus
12.03.2020