Spinning hausten 2017

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 29. Aug 2017

Spinnerar, ferske og røynde!
Me har fått tider måndagar og onsdagar 17.30-18.30.
For å vera med må ein vera medlem i Vinje IL og betale 500,- til sykkelgruppa i treningsavgift fram til jol. Kan vippse til 124079, eller overføre til 2630.33.78838.
Håpar på å kunne starte opp att måndag 4. september. Marianne, Arild og Fredrik byter på måndagane og Marianne og Fredrik på onsdagane. 
Om de synes det fungerte greit med påmelding på FB frå kl 08.00 treningsdagen, fortset me med det (15 syklar pluss instruktør). 
Treng nokon hjelp til å ordne medlemskap i det makalause idrottslaget vårt, kan me hjelpe med det den 4.
PS. Einaste dugnad ein risikerer å vera med på er ei til to totimarsøkter i luka i bassenget i året. Laget treng medlemmer for å oppretthalde aktivitetsnivået med alt frå trimgruppa sine flotte turvegar og arrangement til ski, løypekøyring og fotball mv. 
Vel møtt til ny spinningsesong😅


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.