Reisebrev. Font Romeum 18.07.2016

Postet av Vinje IL - Ski den 22. Jul 2016

Hei!

For tida går «ferien» i Frankrike mot ein ende. I tre veker har eg, saman med fleire kjente, budd her nede på 1800 meters høgde og trent. Her er det ypparlege moglegheiter for rulleski og løping. Dei flotte treningsforholda i kombinasjon med den tynne lufta skal gje ekstra treningseffekt, forhåpentlegvis



Mange rolege turar har vore fokuset her nede. Jogging med stavar er ein spesifikk treningsform inn mot langrenn, og det går ann i desse omgivnadene. Her er eg saman med teamkamerat Mikael Gunnulfsen.
Ved foten av skisenteret Pyreness de 2000 har me leigd eit privathus for å få plass til alle dei 10 som skulle vera med. I Font Romeu ligger Frankrikes høgdetreningssenter. Senteret er no stappfullt før OL i Rio. Verdas beste kappgangar samlar lengder på asfalten utanfor huset. Mo Fara som er favoritt på 5000 og 10 000 meter før OL har vore her i fleire veker, og verdsrekorholdar for damer på maratondistansa, Paula Radcliffe, stod plutseleg i kassekøen på den lokale matbutikken. Heimstaden til skiskyttaren Martin Fourcade er 20 minutts rulleskitur herifrå. Det er med andre ord mogleg å bli god her også…

Nokon hardøkter har det vore plass til. Dei lange fjellsidene i området er ypparlege til lange intervaller på rulleski og løp. Blant anna køyrde me ein 6*10 min skøyteintervall på fjellovergangen la Molina. Her er eit bilete frå ein sliten gjeng etter endt intervall.

Kameramann er Kentaro Ishikawa frå Japan som var det internasjonale innslaget på samlinga.




Det var og tid til ein kviledag i løpet av desse tre vekene. Den vart bruka på ein utflukt til shoppingbyen Pas de la Case i Andorra for å kurere brakkesjuka. Følelsen av å køyre i Pyreneene på 2200 m.o.h. og plutseleg finne «New York» i fjellsida var noko spesiell. Sjølv om eg openbart var ganske kritisk til både pizzaen og crepe med Nutella fekk eg det i meg.
Sjølv om et har hatt det heilt strålande her nede, skal det bli deilig å kome heim til Vinje. Ein liten roleg periode blir lagt inn, med litt anna innhald enn trening. Neste veke startar rulleskirenna på Blink i Sandnes. For første gong stiller eg til start i langløpet, Lysebotn opp og kvalifiseringsprologen til 15 km skøyting. Kva ein kan stille opp med vil tida vise. Målet er å kunne kopiere resultatet frå Kanalrennet i Bø, men vil bli tøft.

God sumar vidare!
Helsing Runar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.