NM oppdatering frå Runar

Postet av Vinje Idrettslag den 4. Feb 2016

Undertegnede vart tatt med buksa nede for litt tjuvskøyting på stafetten


Då var sesongens store mål, NM del 1 i Tromsø, ferdig. For Team Synnfjell vart dette ein kjempeopptur, med Mikael Gunnulfsen i spissen. Med både ein 5. og 9. plass blant Noregs beste skiløparar er dette store prestasjonar. Det er svært artig at teamkameratar som ein har trent mykje saman med, verkeleg får det til. Dette gjev og sterk motivasjon til resten av laget, noko som viste seg på 30 km skiatlon, der teamet hadde fire løperar inne topp 40. For min eigen del var NM ei godtkjent helg, men eg skulle sjølvsagt ynskje eg var endå eit par plassar lengre oppe på resultatlista. Med 75. plass på 15 km klassisk og beste resultatet som nr 49 på 30 km skiatlon, var dette noko bak målet om topp 30. Avstanden opp til der eg ynskjer å ligge er likevel ikkje avskrekkande, og kan fort knappast innpå. Under 1 minutt skilte det frå plass nr 30 til nr 75 på 15 km klassisk.



Helgas høgdepunkt var stafetten for Vinje IL. Knut Halvor Erikstein og Kjell Einar Erikstein stilte opp i Tromsø klare for 3*10 km. Målet var å ikkje bli tatt att med ein runde av teten, slik at me fekk lov å fullføre til mål. Eg stilte på den klassiske opningsetappa klar til å stake. I eit fryktele snovêr veksla eg på ein 20. plass med Knut Halvor. Blant satsande skiløparar fekk begge brørne Erikstein det tøft på sine skøyteetappar. Likevel klara me målet om å ikkje bli tatt att av teten, og gjennomførte til ein 50 plass. Dette kan kome godt med i startfeltet til neste år, då er NM på Austlandet og mange fleire lag kjem til å stille.

Neste viktige rennhelg er allereie om halvannen veke. Då går reisa til Meråker og Norgescupen der. Det skal konkurrerast i skøytesprint og 30 km klassisk fellesstart. I mellomtida blir det nokon mil i skiløypa, og kanskje må ein få prøvd hockeyskøytune.


'

Dagen i dag vart brukt ute i løypa saman med teamkompis Kentaro Ishikawa frå Japan. I kveld skal eg fôrast med Japanske kjøttkaker. Dei sklir vel ned som vanleg om eg kjenner meg sjølv rett.

Stå på der heime i Vinje. Det er no dei fine skiturane kjem!

Helsing

Runar




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline