Oppstart innendørs sykkeltrening!

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 3. Sep 2015

Måndag 7.september startar sykkelgruppa opp med innendørs sykkeltrening på Vinjehuset, spinningsalen. Kvar måndag kl 1800-1900, ope for alle over 16 år! Påmelding til tlf 47602241 frå kl 0700 på måndagar.

Du må vere medlem av Vinje IL for å delta og betale halvårskort eller drop-in. Halvårskort 500,-, drop-in 50 kr per gong.

Er du ikkje medlem av Vinje IL?

Send ein mail til annestrandskogen@live.no med namn, adresse, fødselsnr, e-posadresse, telefonnr, og om du ynskjer enkeltmedlemskap eller familemedlemskap. Ynskjer du familiemedlemskap må du sende inn namn, adresse, fødselsnr, e-postadresse, telefonnr for dei andre familiemedlemane og.

Pris familemedlemskap; 600 kr, enkeltmedlemskap; 300 kr.

Når du er lagt inn i medlemsregisteret får du ein mail med innloggingsinfo til minidrett. Her finn du faktura på medlemskapet ditt og halvårskortet. Når dette er betalt kan du sjølv skrive ut medlemskortet ditt! Når du har ordna alt dette må du vise fram medlemskort og bekreftelse på at halvårskort er betalt.

Er du medlem og ynskjer å betale halvårskort?

Send ein mail til annestrandskogen@live.no eller melding på tlf 47602241 med namn og at du ynskjer å betale halvårskort for sykkeltrening. Du blir lagt inn i sykkelgruppa og får mail når faktura er klar til betaling. Hugs å ha med bekreftelse på betaling på trening!







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc