Oppdatering frå Runar og Team Synnfjell

Postet av Vinje Idrettslag den 14. Jun 2015

No er sesongen 2014/15 eit ferdig skrive kapittel. Det har vore ein innhaldsrik sesong som har ført meg til mange plassar i både inn- og utland. Beitostølen, Gålå, Røros, Madona (Latvia), Rauland og Harstad har eg no vore kjend med.

Sesongen sett under eit har vore ein liten nedtur med bakgrunn i forhåpningar og forventningar. Det var min andre sesong som senior og eg hadde eit håp om eit støre steg nærmare toppen. Likevel har eg gjennomført skirenn som eg er stolt av, og som er på nivå med forhåpningane. At eit av dei gode skirenna kom med ein andre plass i Helterennet, var ekstra moro! Ein 37. plass på 10 km i NM er det det beste resultatet nasjonalt, dette gav og ein 13. plass blant dei under 23 år (U23). Eg fekk i vinter og endeleg samla eit lag til stafetten i NM på Røros med brødrane Kjell Einar og Knut Halvor Erikstein. Sjølv om målsetjingane ikkje var store, var det særs moro å kunne stå på startstreken med Vinje på brystet!

Eg veit ikkje om nokon har lagt merke til det, men Vinje IL vant faktisk StafettBirken i år! Eit uoppmerksamt augeblikk under påmeldinga frå meg førte til følgande lag under StafettBirken: Team Fjøssystemer, klubb Vinje IL / Team Synnfjell. http://www.langrenn.com/resultater-stafettbirken-2015-menn.5722499-117466.html

Førre år gjekk eg for Vinje IL og Team Synnfjell. Gjennom dette teamet har eg hatt min trenar, reist på treningssamlingar og fått skismurning på skirenn. Eit slikt team er uvurderleg for å kunne satse for fullt på ski. Detta året fortsett eg i Team Synnfjell. Før neste sesong har det vore utskifting av nokre løparar, ny sportsleg leiar, ny trenar og eit nytt smøreteam. Eg har stor tru på at komande sesong skal utvikle meg som skiløpar! Teamet høyrer til i Oppland, men er det teamet i Noreg med flest løparar frå Telemark på høgt seniornivå. I år har det kome inn to nye. Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo og Mikael Gunnulfsen frå Skien. Den nye trenaren er Jostein Vinjerui frå Rauland. Med tidlegare løpar Svein Halvor Dahl frå Bø og meg sjølv frå Vinje er me no 5 på Team Synnfjell som høyrer til i Telemark!

Sommaren er allereie full i hendingar. Eg skal vere trenar på skiskulen under Sommarland Skifestival. Her kan eg nytte min nyleg gjennomførte Bachelor i Idrettsvitenskap frå Høskulen i Lillehammer. Eg fekk og eit tilbod å reise til Chamonix i sommar i forbindelse med eit forskingsprosjekt som skal sjå på høgdetrening. Av ulike grunnar takkar eg nei til dette. Eg blir dermed heime i Vinje store delar av sommaren. Mot slutten av August skal eg og delta på Toppidrettsveka, det blir spennande å konkurrere mot dei beste skiløparane i landet!



Her er planane mine for sommaren:

12-18. Juni Samling på Vikafjellet med Team Synnfjel

24-28. Juni Trenar på Sommarland Skifestival

02-07. August Samling med Team Synnfjell

20-22. August Toppidrettsveka i Aure og samling med Team Synnfjell



Då er det bare og brette opp erma og trene fram mot ein ny sesong!

Følg med på www.teamsynnfjell.no, teamsynnfjell på Instagram eller Facebook



GOD SOMMAR TIL ALLE HEIME!


Med venleg helsing frå Vikafjellet

Runar Skaug Mathisen








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.