Trekning av sommarens turbøker og Topp 8

Postet av Trimgruppa den 30. Okt 2018

Då har me trekt sommarens vinnerar av turbøkene og Topp 8.

Vinnerane av Gåvekort på 500 kr på Fristad er : Anne Berge, Gunnhild Kostveit, Åsne N. Midtun og Renate Ringhus.

Vinnerane av gåvekort på 250 kr på Fristad er : Elisa Damberg, Nora Kostveit, Lars Våle og Inger Damberg.

Vinnerane av 1000 kr på Fristad er Baiba Sheine og Hedda Holte Hylland. 

Gratulerer til alle! Flott å sjå at så mange er ute på tur. Til dykk som ikkje vann, prøv igjen i vinter, bøkene ligg framleis ute.


0 Kommentar

Tópp 8

Postet av Trimgruppa den 23. Mai 2018

Tópp 8

Trimgruppa VIL  vil også i år arrangerer toppturar. Kort får de henta på Sport 1 i Åmot, heilt gratis! Me ynskjer dykk alle god tur. Kjøp gjerne kartet vårt på Sport 1, Esso, Tenestetorget, Groven camping og Rauland turist. Ikkje alle løypene er merka på kartet, men det er alle toppane. Les om turane nedanfor.

 

Kor går turen:

Dugurnetten:

Ta av ved Haugsæl, køyr ca. 600m langs Våmartveitvegen før ein kjem til startpunktet som er veg/skogsveg på høgre side for innkøyrsla til garden Løk/Fløten, fylg skogsveg og skilting, ta av på sti og fylg merking det siste stykket opp til Dugurnetten. Fin utsikt over Bøgrend!

 

Stavshovdnuten (1025 m.o.h):

Ta av ved Haugsæl, køyr til enden av Våmartveit. Fortsett 100 m forbi innkøyrsla til garden Kingland. Skilta og merka sti. Ta med niste og drikke og nyt den kjempefine utsikta til fjella i nærområdet (ser også Gaustatoppen på tur opp).

 

Hovdestøylnuten (966 m.o.h)

Køyr ca 5,5 km på fiskestigen mot Øyfjell. Ta av til venstre der du ser skilt til Hovdestøylnuten. Parker langs Fiskestigen eller køyr litt innover til liten parkeringsplass. Gå skogsbilvegen innover, ta til høgre over lita bru for å krysse bekken. Fylg merka sti opp til venstre rett etter brua. Etter nokre 100 meter oppover kjem du til eit kryss. Ta til høgre. Bratt på slutten. Våte parti undervegs. Fjellsko anbefalst.  På toppen kan du halde fram litt til for å inspisere «bjønnehola» som ligg litt under nuten. Fin kveldstur.

 

 

Furufjell

Køyr ca 4,5 km på fiskestigen . Ta av til høgre, sjå skilt. Parker på venstre side før eller etter skiltet. Lett stigning. Fantastisk utsikt på toppen. Fin tur for heile familien. Er som oftast vått på myrane. Vasstette sko anbefalast.

 

Fjellhovdane

Start ved Surgrav. Fylg merka løype til toppen.  Du kjem til ein grusveg som du skal fylgje i 1 km. Litt lang tur for dei aller minste. Men det er inga skam og snu J

 

Hyljås

Start ved Hyllandsfossen camping/Revsnes. Gå innerst på plassen og fylg sti mellom den store hytta nærmast vatnet og dei små hyttene som ligg nærmast denne (pilegrimsvegen). Ta til høgre når du kjem til grusvegen. Når du kjem til pumpehuset (stort raudt hus) skal du gå rett bak dette og ta opp til venstre. Fin tur for heile familien. Du kan fylgje stien rundt og få deg ein fin rundtur, endar opp ved gapahuken der det også er ei postkasse. Herifrå kan du gå rett ned til Åmot, eller bort att på campingplassen.

 

Vehuskjerringa (1354 m.o.h)

Flott sundagstur for familien, eller kveldstur for dei spreke. Her får du flott utsikt! Køyr Raulandsvegen mot Rauland, parker ved bommen på Vehus. Fylg vegen forbi hesten, hugs å stenge grindane. Ta av til venstre når du kjem til skiltet. Kan vere lurt med gore-tex eller støvlar.

 

Fonnlinuten

Start på vegen opp til Juvbakk, ta til høgre i bakken (parker nede ved stasjon 123). Fylg merka løype. 


0 Kommentar

Trekning vinterpostkasser

Postet av Trimgruppa den 2. Mai 2018

Då har me trekt vinnarane av turbøkene i vinter:

Born: Eva Marie Lyngstad og Trym Nevestveit

Vaksne: Ann Kristin Øien og Marianne Lid 

Premie er gåvekort på Bukkane Bruse, verdi 250 kr (born) og gåvekort på Sport 1, verdi 500 kr (vaksne).

Gratulerer!

(Vinnarane blir kontakta)



0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline