Spinning hausten 2017

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 29. Aug 2017

Spinnerar, ferske og røynde!
Me har fått tider måndagar og onsdagar 17.30-18.30.
For å vera med må ein vera medlem i Vinje IL og betale 500,- til sykkelgruppa i treningsavgift fram til jol. Kan vippse til 124079, eller overføre til 2630.33.78838.
Håpar på å kunne starte opp att måndag 4. september. Marianne, Arild og Fredrik byter på måndagane og Marianne og Fredrik på onsdagane. 
Om de synes det fungerte greit med påmelding på FB frå kl 08.00 treningsdagen, fortset me med det (15 syklar pluss instruktør). 
Treng nokon hjelp til å ordne medlemskap i det makalause idrottslaget vårt, kan me hjelpe med det den 4.
PS. Einaste dugnad ein risikerer å vera med på er ei til to totimarsøkter i luka i bassenget i året. Laget treng medlemmer for å oppretthalde aktivitetsnivået med alt frå trimgruppa sine flotte turvegar og arrangement til ski, løypekøyring og fotball mv. 
Vel møtt til ny spinningsesong😅


0 Kommentar

Spinning hausten 2016

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 1. Nov 2016

Frå 31.10 er spinninga frå kl 1800-1900 kvar måndag på Vinjehuset!

Påmelding sender du til 47 60 22 41 frå kl 7.00 same dagen.

Pris: 400 kr for halvåret , eller drop in 50 kr.

Betaling: overfør til 1503.43.85561 og merke med navn og evt dato viss du er på drop in



NB: Du må vere medlem av Vinje IL for å delta



0 Kommentar

Oppstart spinning!

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 23. Sep 2016

Hei alle sammen 😀


Då blir det spinning att , f.o.m fystkommande måndag (26.09).


I haust startar spinning kl 19.00-20.00

Pris: 400 kr for halvåret , eller drop in 50 kr.

Påmelding sender du til 47 60 22 41 frå kl 7.00 same dagen.

NB: Du må vere medlem av Vinje IL for å delta😀😎


Meir info om betaling kjem!


0 Kommentar

Innendørs sykkeltrening

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 2. Jan 2016

Innendørs sykkeltrening startar opp att måndag 04.01, kl. 1800 på Vinjehuset!


600 kr for halvåret (fram til sommaren) og 50 kr for drop-in. De kan betale kontant, på konto eller via vipps. Hugs å merke med namn og dato om de betalar for drop-in.


Du må vere medlem av Vinje IL for å delta! Meir info om korleis du blir medlem finn du her: http://www.vinjeil.no/p/7026/medlemskap




0 Kommentar

Oppstart innendørs sykkeltrening!

Postet av Vinje IL - Sykkelgruppa den 3. Sep 2015

Måndag 7.september startar sykkelgruppa opp med innendørs sykkeltrening på Vinjehuset, spinningsalen. Kvar måndag kl 1800-1900, ope for alle over 16 år! Påmelding til tlf 47602241 frå kl 0700 på måndagar.

Du må vere medlem av Vinje IL for å delta og betale halvårskort eller drop-in. Halvårskort 500,-, drop-in 50 kr per gong.

Er du ikkje medlem av Vinje IL?

Send ein mail til annestrandskogen@live.no med namn, adresse, fødselsnr, e-posadresse, telefonnr, og om du ynskjer enkeltmedlemskap eller familemedlemskap. Ynskjer du familiemedlemskap må du sende inn namn, adresse, fødselsnr, e-postadresse, telefonnr for dei andre familiemedlemane og.

Pris familemedlemskap; 600 kr, enkeltmedlemskap; 300 kr.

Når du er lagt inn i medlemsregisteret får du ein mail med innloggingsinfo til minidrett. Her finn du faktura på medlemskapet ditt og halvårskortet. Når dette er betalt kan du sjølv skrive ut medlemskortet ditt! Når du har ordna alt dette må du vise fram medlemskort og bekreftelse på at halvårskort er betalt.

Er du medlem og ynskjer å betale halvårskort?

Send ein mail til annestrandskogen@live.no eller melding på tlf 47602241 med namn og at du ynskjer å betale halvårskort for sykkeltrening. Du blir lagt inn i sykkelgruppa og får mail når faktura er klar til betaling. Hugs å ha med bekreftelse på betaling på trening!





0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline