Vinje IL - Fotballgruppa

Vinje IL - Fotballgruppa

Fotballavslutninga 2014

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 31. Des 2014



Med ynskje om eit godt nytt år, takkar me for året som har gått med bilde frå fotballavslutninga! Der var det premieutdeling frå ein flott fotballsesong til alle spelarar frå 6 – 16 år og ein takk til våre dyktige trenarar og lagleiarar for den gode jobben dei har gjort. Me fekk knakande gode kaker som foreldre har baka, det var lodd sal og me fekk besøk av Odd-spelarane Ole Jørgen, Vegard og Mathias som stod for loddtrekning og autografar. Besøk setter me alltid pris på, så det vil me gjerne ha meir av :) Ein flott avslutning på eit bra år og me gleder oss til eit nytt spennande og innhaldsrikt år med dykk alle!

Helsing
Solveig, Iselin, Linn Helen, Øystein og Åse
Styret i Vinje IL fotballgruppe









































0 Kommentar

"Ny" fotballbod

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 21. Des 2014

I haust blei fotballboden vår som ny å sjå på etter at Jenny Høgseth Øien malte den og Sigmund Jordstøyl kom med markise og fekk den montert opp!

Desse er to av mange som me heldigvis har i Vinje fotballgruppe og som stiller opp når man trenger dugnadsfolk!

Det fins ikkje noko betre enn folk som seier; det må me vel ordne!

Og heldigvis har me dei i Vinje fotballgruppe Smilefjes (svart/hvitt)

Stor takk til Jenny og Sigmund!





0 Kommentar

Påmelding til fotballsesongen 2015

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 1. Des 2014

Vil du vere med å spele fotball neste sesong?

Då må du melde deg på no! Last ned vedlegget her: Påmelding 2015 fotball (1).pdf og meld deg på innan 5.desember!

0 Kommentar

Trening med profesjonell trenar!

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 2. Nov 2014

Med profesjonell trenar frå England fekk J/G12 og J/G14 ei 2 timars treningsøkt onsdag kveld.Trenar Tony Ashby frå Colchester ga spelarane ei treningsøkt med forskjellige øvingar, tips og moro.Trenarar og lagleiarar i fotballgruppa fekk gode tips, inspirasjon og ein fotballprat med Tony.Det var andre gong me var så heldige å ha besøk av Tony og me vil gjerne ha fleire!
































0 Kommentar

Fotballavslutning 2014

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 27. Okt 2014

Fotballavslutning måndag 3.november på Vinjar!





0 Kommentar

Trening med Tony frå Colchester

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 27. Okt 2014

Tony Ashby frå Colchester som vi bl.a. hadde besøk av på Vinje fotballskule, er på besøk i Vest-Telemark.


Vinje IL fotballgruppa får besøk av han onsdag 29. oktober kl. 17.00.
Han skal ha ei 2 timars treningsøkt med J/G 12 og J/G 14 og vise trenarane i fotballgruppa øvingar.

Etterpå vil det bli ei samling for trenarane/lagleiarane for ein fotballprat.



Tony Ashby i aksjon under Vinje fotballskule 2014


0 Kommentar

Gutta på tur til Colchester

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 29. Aug 2014

Øyvind Kili og gutta på fotballtur!

Her kjem litt oppdateringar frå gutta på tur.. 

Tysdag trena Viktor med G18. Alle dei er betala gutar, så han fekk prøve seg som proff ein dag! Etterpå trena alle med G16 laget. Gutane klara seg bra! Ballen gjeng kanskje litt fortare her enn på trening heime! Onsdag kl 18 på Five Lakes så skal Lars Olav og Viktor spela kamp for Colchester. Det var stas! 


Fornøgde gutar etter endt økt med Sean Thacker og Danny King

Gårdagens kamp, der Viktor Dahle og Lars Olav Romtveit var med, spela dei mot Hampton school.
Colchester vann 2-1 og dei to gutane frå Vest-Telemark spela bra!
I dag heve dei stengt treningsfeltet sø det æ kun Viktor og 2 vaksne som fær inn dit! Men seinare i kveld dreg alle te Ipswich på trening!


Colchester sin tropp på kampen i går kveld


Viktor Dahle og Lars Olav Romtveit med Sean Thacker og Danne King etter kamp for Colchester


Viktor med Ed Wooten etter trening med Colchester G18


Spente foreldre som fylgjer med på sine håpefulle som trenar på balløya


Når man ikkje kan bli fotballstjerne, så satser man på å gå i fotspora til Tiger Woods ;)
Øyvind Kili og Steinar Romtveit testar ut talenta sine på golfbanen


Spente gutar klare for gårsdagens økt!
Olav og Sander spela kamp kl 18.30 for Colchester G15. Lars Ola og Viktor  trena med Ipswich G16.





Gutane er no klare for å heim.. 4 fornøgde vesttelar klare for heim reise etter eit meget lærerikt opphald i Colchester! Dei takkar Sean Thacker for fantastiske dagar som dei har fått der! Me ynskjer dykk ein god tur heim! 



0 Kommentar

Dommarkurs

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 25. Aug 2014

Rekrutteringsdomarkurs 19. og 20. sept. i Seljord!
Påmeldingsfrist 15.sept!

Er du glad i:
-Fysisk aktivitet…
-Fotball
-Å utvikle deg som leiar aleine og i team….

Er du over 16 år og ynskjer å dømme 11’er fotball…?
Da er dette kurset for deg!

Les meir info her: 
IDRETT-#702736-v1-Dommer_2014_Invitasjon_til_rekruttdommerkurs_i_Seljord.pdf

0 Kommentar

Slaget om Telemark

Postet av Vinje IL - Fotballgruppa den 4. Jul 2014

Her kan du sjå Varden's video om Vinje A-lag. Gå inn og stem fram spelarane våre til å vere med i "Slaget om Telemark". Kampen går 3.september på Skagerak Arena. 17 spelarar frå ulike lag i Telemark møter Odd til kamp.

Vinjespelarane du kan stemme på er: 
Ole Gunnar Lie (sms VA VINJE 1 til 1963) 
Jerome Deoph (sms VA VINJE 2 til 1963) 
Lars Olav Romtveit (sms VA VINJE 3 til 1963)
Lars Kili (sms VA VINJE 4 til 1963)

Innslaget i Varden finn du her: 

Innlegg Vinje A-lag


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline