Nye klubbdressar

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Sep 2017

Klubbdressar Vinje IL

No er det tid for å bestille nye klubbdressar/overtrekksdressar i Vinje IL.

Det blir prøvekveldar i Brubakk:

 

Onsdag 13. september kl.  18-20

Måndag 18. september kl. 18-21

 

Dei nye dressane er så lik dei gamle som muleg slik at dei kan nyttast om einannan. Dressane leverast av Swix.

Ein kan bestille to ulike modellar; Star X og Mission X. Begge er heilårsdressar. Star X er ein lett dress for oppvarming og trening. Mission X er elitedressen for oppvarming og trening.  

Det er ca. 6 vekers leveringstid frå bestilling. Fine jolegåver!

Vi tar i mot bestilling på prøvekveldane. Dressane betalas ved bestilling. Vi har Vipps og kortterminal i Brubakk.

Lurar du på noko – ta kontakt med Tone Midtbø (99575536)

Velkomen til prøving! Skigruppa serverer kaffi og kake.

 

Tusen takk til lokale sponsorar!

 

 

 

 

 

 

Prisliste for medlemar av Vinje IL

Junior (6-16 år) *

Star X – jakke og bukse:                          kr.    700,-

Mission X – jakke og bukse:                   kr.  1200,-

Mission X – vest:                                       kr.    400,-

Racingdress (to-delt):                              kr.    400,-  (aktive løparar i skigruppa)

*Ungdom t.o.m 16 år som må ha vaksen størrelse får dette til junior pris

 

Senior:

Star X – jakke og bukse:                          kr. 1350,-

Mission X – jakke og bukse:                   kr. 1750,-

Mission X – vest:                                       kr.   700,-

Racingdress (heil dress):                         kr.   500,-  (aktive løparar i skigruppa)

Racingdress (to-delt):                              kr.   500,-  (aktive løparar i skigruppa)

 

Alle:

Skilue:           kr. 125,-

 



Vest-Telemark skikarusell, stafett

Postet av Vinje IL - Ski den 2. Apr 2017

Idag har det vore Vest-Telemark skikarusell i Høydalsmo, stafett. Vinje IL hadde heile 8 lag til start, og alle gjorde ein kjempeinnsats! Me hadde og med eit herrelag i seniorklassa. Resultatliste frå stafetten kan du sjå her: Resultatliste stafett.