Terminliste Vest- Telemark skikarusellen 2017

Postet av Vinje IL - Ski den 22. Des 2016

Her er terminlista for Vest- Telemark skikarusell 2017




Skibestilling

Postet av Vinje IL - Ski den 24. Nov 2016

FRISTADSENTERET PRESENTERAR:

KLUBBPRISAR RACING

(LANGRENN)

Som samarbeidspartner og lokal leverandør av sportsutstyr, ynskjer me å bidra til best mogleg opplevingar for kundane våre. Me meiner dette heng nøye saman med at utøvarar har rektig og best mogleg utstyr i høve til nivå. No er det mange som satsar og legg ned mykje tid i godt treningsarbeid,- då fortener ein skikkeleg utstyr! Det er difor ei glede for oss å kunne tilby eigne klubbprisar på racingski frå:

&

Vilkår og krav:

  • Dette gjeld racingmodellane i høve til vedlagte liste
  • Madshus: - 45% på veil. prisar (sjå liste)
  • Fischer: - 30% på veil. prisar (sjå liste)
  • Prisane gjeld ei samlebestilling med frist 05.12.2016
  • Tilbodet kan ikkje kombinerast med andre sponsoravtaler
  • Alle ski og stavar skal merkast med Sport1
  • Bestillingane er bindande og utan returrett
  • Betalt medlemskap i ein av klubbane
  • Utøvarar frå andre klubbar må søkje direkte til butikken


Helsing oss på FRISTADSENTERET

- din lokale samarbeidspartner på idrott, aktivitet og glede


Prisar og oversikt finn du her: Skibestilling 2016

Bestilling til Tone Midtbø (tonenemi@gmail.com, tlf 99575536) innan 4.desember!



Treningssamling

Postet av Vinje IL - Ski den 19. Nov 2016

Laurdag 19.november hadde me i skigruppa treningssamling saman med IL Rein, Morgedal IL og Byrte IL. I strålande ver og med flotte skiforhold var me på ski i Våmartveit.












Oppstart idrettsskule/innetrening

Postet av Vinje IL - Ski den 10. Okt 2016

Idrettsskule hausten 2016

Skigruppa håpar mange blir med på idrettsskule/innetrening i haust.


1.-4. klasse:

- vi startar opp torsdag 20. oktober kl. 17.

- torsdagar 17 00 – 18 00. Gymsalen Vinjehuset

- hugs innesko og drikkeflaske

Trenar 1.-2. klasse: Lars Teigen og Nils Sekse

Trenar 3.-4. klasse: Ingebjørg Austjore og Tone Midtbø


5.klasse og oppover:

- oppstart tysdag 18.oktober

- tysdagar: rulleskitrening. Oppmøte bak Fristad kl 1730. Treningar vert avslutta i Åbø kl 1900, foreldre må hente der! Ha med hjelm, refleksvest, drikkebelte, stavar m/asfaltpigg, rulleski om du har. Ta kontakt med Tone Midtbø om du treng å låne rulleski!

- torsdagar: barmark + styrke. Oppmøte ved Vinjehuset kl 1730. Ta med stavar, drikkeflaske og innesko.

- trenar: Ingjerd U. Kleiv


Treningsavgift

Treningsavgift er kr. 300,- for fyrste gut/jente og kr. 200,- for sysken. Du får faktura vi minidrett. Treningsavgifta dekkjer skikarusellen.

Med helsing skigruppa



Reisebrev. Font Romeum 18.07.2016

Postet av Vinje IL - Ski den 22. Jul 2016

Hei!

For tida går «ferien» i Frankrike mot ein ende. I tre veker har eg, saman med fleire kjente, budd her nede på 1800 meters høgde og trent. Her er det ypparlege moglegheiter for rulleski og løping. Dei flotte treningsforholda i kombinasjon med den tynne lufta skal gje ekstra treningseffekt, forhåpentlegvis



Mange rolege turar har vore fokuset her nede. Jogging med stavar er ein spesifikk treningsform inn mot langrenn, og det går ann i desse omgivnadene. Her er eg saman med teamkamerat Mikael Gunnulfsen.
Ved foten av skisenteret Pyreness de 2000 har me leigd eit privathus for å få plass til alle dei 10 som skulle vera med. I Font Romeu ligger Frankrikes høgdetreningssenter. Senteret er no stappfullt før OL i Rio. Verdas beste kappgangar samlar lengder på asfalten utanfor huset. Mo Fara som er favoritt på 5000 og 10 000 meter før OL har vore her i fleire veker, og verdsrekorholdar for damer på maratondistansa, Paula Radcliffe, stod plutseleg i kassekøen på den lokale matbutikken. Heimstaden til skiskyttaren Martin Fourcade er 20 minutts rulleskitur herifrå. Det er med andre ord mogleg å bli god her også…

Nokon hardøkter har det vore plass til. Dei lange fjellsidene i området er ypparlege til lange intervaller på rulleski og løp. Blant anna køyrde me ein 6*10 min skøyteintervall på fjellovergangen la Molina. Her er eit bilete frå ein sliten gjeng etter endt intervall.

Kameramann er Kentaro Ishikawa frå Japan som var det internasjonale innslaget på samlinga.




Det var og tid til ein kviledag i løpet av desse tre vekene. Den vart bruka på ein utflukt til shoppingbyen Pas de la Case i Andorra for å kurere brakkesjuka. Følelsen av å køyre i Pyreneene på 2200 m.o.h. og plutseleg finne «New York» i fjellsida var noko spesiell. Sjølv om eg openbart var ganske kritisk til både pizzaen og crepe med Nutella fekk eg det i meg.
Sjølv om et har hatt det heilt strålande her nede, skal det bli deilig å kome heim til Vinje. Ein liten roleg periode blir lagt inn, med litt anna innhald enn trening. Neste veke startar rulleskirenna på Blink i Sandnes. For første gong stiller eg til start i langløpet, Lysebotn opp og kvalifiseringsprologen til 15 km skøyting. Kva ein kan stille opp med vil tida vise. Målet er å kunne kopiere resultatet frå Kanalrennet i Bø, men vil bli tøft.

God sumar vidare!
Helsing Runar



Treningsssamling i Seljord

Postet av Vinje IL - Ski den 1. Jul 2016


Treningssamling i Seljord 13.-14.august!

Team Telemark kjem, Audun Svartdal kjem, kjem du?

Påmeldingsfrist for Vinje IL løparar: 29.juli til Tone Midtbø (tlf 99575536). Tone melder samla på til Seljord IL.

Dei som melder seg på får og mogelegheit til å vere med på ei økt med Magnus Krogh på Granvin 4.august!







Langrennstafett Høydalsmo

Postet av Vinje IL - Ski den 11. Mar 2016

Langrennstafett i Høydalsmo

Sundag 03. april kl. 12.00

Høydalsmo IL skipar til langrennstafett, siste rennet i Vest Telemark karusellen 2016.

Frammøte er på skistadion ved Høydalsmo skule.

Stilart: Alle etapper er fristil.

Distansar: 1 km (6-9 år), 1,5 km (10 – 12 år) og 2 km for resten.

Klasser: 6 – 9 år (3x 1km), 10 – 12 år (3x1,5 km), 13 – 16 år (3x2 km), og 17 år ++ (3x2km).

I 17 år ++ klassa kan du og stille med 13 – 16 åringar.

Alle klassene er opne. Det vil seie at ein kan blande saman gutar og jenter. Dersom det er klubbar som har med fleire lag i ei klasse er oppmodinga at ein ikkje ”toppar” noko lag.

Dersom du ikkje har nok løparar i eigen klubb til å stille eit lag ordnar arrangøren lag til deg likevel. Det vil bli mixlag med ein annan klubb. Alle skal få gå.

Vonar alle klubbane har høve til å stille minst eit lag i klassa 17 år ++. Det er fint for dei yngre å sjå at eldre og kan vera med. Dette blei ein stor suksess sist gong.

Startkontigent pr lag: Kr. 150,-. Rekning vert sendt klubben din i etterkant.

Påmelding: Lagvis frå klubben til: asbjorn.byggland@tokke.kommune.no tlf: 97037296

Påmeldingsfrist: Torsdag 31. mars eller seinast ein time før start. Oppmodar flest mogleg å melde seg på innan torsdag sidan dette har blitt eit stort renn.

Premiering: Full premiering. Samanlagtpremiering for karusellen rett i etterkant.

Høydalsmo IL stiller smørar til disposisjon.

Fint om klubbane forklarar løparane korleis ein stafett fungerar på førehand.

Resultatlister vert sendt ut på e - post i etterkant.

Enkelt matsal i klubbhuset.

Høydalsmo IL ynskjer alle velkomne til skirenn.


PÅMELDING FOR VINJE IL; MELD DEG PÅ TIL TONE MIDTBØ INNAN TYSDAG 29.03! TLF 99575536





Skiavslutning 2016

Postet av Vinje IL - Ski den 9. Mar 2016



Resultatliste klubbmeisterskap 2016

Postet av Vinje IL - Ski den 19. Feb 2016

Klubbmeisterskap i Brubakk 18.02.16. 73 fullførte, i alderen 3 år til senior! Resultatlista som pdf her: resultatliste180216.PDF



Klubbmeisterskap

Postet av Vinje IL - Ski den 15. Feb 2016

KLUBBMEISTERSKAP 18. FEBRUAR I BRUBAKK

Det blir klubbmeisterskap i Brubakk torsdag 18. februar. Alle kan bli med. Premie til alle! Ikkje vanleg skikarusell denne kvelden.


Kl. 1800: Start. Møt opp i god tid!

Ca. 1900: Premieutdeling ute

Stilart: Fristil

Påmeldingsavgift: kr. 50,- Betalas i Brubakk

Påmelding: innan onsdag 17. februar til tonenemi@gmail.com el sms 99575536 (eller i klubbhuset 1600-1630 renndagen). Vi ynskjer at alle melder seg på på førehand!


Vel møtt!

Vinje IL - Skigruppa



Resultatliste Vest-Telemark skikarusell i Brubakk

Postet av Vinje IL - Ski den 12. Feb 2016

Her finn du resultatlista frå gårdagens Vest-Telemark skikarusell i Brubakk: Resultatliste VT karusell 2016




Åmdalrennet

Postet av Vinje IL - Ski den 8. Feb 2016

ÅMDALRENNET SØNDAG 14.2.16



Kretsrenn i den nye lysløypa på Åmdals Verk

søndag 14. februar kl. 12.00.


Rennet går i fristil (skøyting). Alder frå 8 (7)år. Frammøte på Åmdals Verk samfunnshus. Det er høve til å dusje og skifte.


Matsal og premiering skjer på samfunnshuset.
Online påmelding via skikretsens heimesider, http://www.skiforbundet.no/telemark-vestfold/

eller på e-post til kurbo@online.no eller

Knut Urbø 90103186

Påmelding innen 13.februar kl. 18.00.



Velkommen til skirenn i "Nye" Åmdal skianlegg på «ekte» snø :)


KM helg i Høydalsmo

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Feb 2016

Laurdag var det KM langdistanse i Høydalsmo. Vinje hadde 7 løparar til start. Resultatliste finn du her: http://www.langrenn.com/resultater-km-telemark-og-...


Søndag var det duka for KM- stafett i Høydalsmo.

I J11-J12 vant Vinje IL (Sigrid - Inger og Maria )


I G11-G12 kom Vinje IL (Olav - Lars - Øystein) på tredje plass

I Mixed 8-10 år gjorde Vinje IL (Odin - Margit - Anne) en solid innsats men her er det ikke rangering.



Inger, Sigrid og Maria


Olav, Lars og Øystein


Anne, Odin og Margit



Vest-Telemark skikarusell

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Feb 2016

VELKOMEN TIL VEST-TELEMARK SKIKARUSELL I VINJE


Vinje IL ynskjer velkomen til Vest-Telemark skikarusell:


Torsdag 11. februar 2016 Kl 18.00. Stilart: klassisk.

Me håpar på fine forhold og mange deltakarar. Rennet gjeng i Brubakk (Åmot skistadion) og det blir enkel servering inne i klubbhuset.

Startkontingent: kr. 50,- for alle.

Distansar: 1 km (6-9 år), 2 km (10-12 år), 3 km (13-16 år), 5 km (17 og eldre)

Enkel premiering til alle. Påmelding: tonenemi@gmail.com

Påmeldingsfrist: Helst innan tysdag 9. februar kl. 24.00 på e-post eller på rennkontoret seinast 1 time før start.


Venleg helsing Skigruppa Vinje IL



Telenor skikarusell i Brubakk

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Jan 2016


Skikarusellen startar torsdag 14. januar kl. 17.

Det vert skikarusell følgjande torsdagar: 14/1, 21/1, 28/1, 4/2, 18/2 (klubbmeisterskap fristil), 3/3 og 10/3.

Registrering i klubbhuset. Det kostar kr. 150,- pr deltakar.

For dei som vil blir det tidtaking kl. 18.

Torsdag 11. februar skal Vinje IL arrangere Vest Telemark skikarusell i Brubakk. Det kjem eigen info om dette.

Vel møtt!

Skigruppa