Terminliste Vest Telemark- karusellen 2016

Postet av Vinje IL - Ski den 17. Des 2015

No er terminlista for Vest- Telemark skikarusellen klar! Du finn den her: Vest- Telemark karusellen 2016



Klubbprisar på racingutstyr, vinteren 2015!

Postet av Vinje IL - Ski den 9. Nov 2015

Vinje ILs samarbeidspartner, Sport 1 Fristadsenteret, tilbyr klubbprisar på racingutstyr!

FRISTADSENTERET PRESENTERAR:

KLUBBPRISAR RACING (LANGRENN)

Som samarbeidspartner og lokal leverandør av sportsutstyr, ynskjer me å bidra til best mogleg opplevingar for kundane våre. Me meiner dette heng nøye saman med at utøvarar har rektig og best mogleg utstyr i høve til nivå. No er det mange som satsar og legg ned mykje tid i godt treningsarbeid,- då fortener ein skikkeleg utstyr! Det er difor ei glede for oss å kunne tilby eigne klubbprisar på racingski frå:

og

Vilkår og krav:

  • Dette gjeld racingmodellane i høve til vedlagte liste
  • Madshus: - 45% på veil. prisar (sjå liste)
  • Fischer: - 30% på veil. prisar (sjå liste)
  • Prisane gjeld ei samlebestilling med frist 20. nov. 2015
  • Tilbodet kan ikkje kombinerast med andre sponsoravtaler
  • Alle ski og stavar skal merkast med Sport1
  • Bestillingane er bindande og utan returrett
  • Betalt medlemskap i ein av klubbane
  • Utøvarar frå andre klubbar må søkje direkte til butikken


Helsing oss på FRISTADSENTERET

- din lokale samarbeidspartner på idrott, aktivitet og glede


Prisliste og info om modellar finn du her: Prisliste, info

Bestillingsskjema finn du her: Bestillingsskjema


Bestillinga sender/leverar du til Tone Midtbø innen 19.11, og ikkje direkte til Sport1! Mail Tone: tonenemi@gmail.com, tlf 99575536. Bestillinga er bindande og utan returrett!!



Resultatliste terrengløp 2015

Postet av Vinje IL - Ski den 29. Okt 2015

Her finn du resultatlista frå terrengløpet i Brubakk: Resultater terrengløp








Terrengløp 29.10.2015

Postet av Vinje IL - Ski den 28. Okt 2015



Terrengløp torsdag 29.10

Torsdag 29.10 kl 17 30 blir det uformelt terrengløp i Brubakk. Løpet er opent for alle frå 1. klasse og oppover- og for vaksne!

Påmelding i klubbhuset 1645-1715 eller sms til Tone 99575536



Klasse

Løypelengde

Start

1.-2.klasse

500 meter

17 30

3.-4.klasse

1 km

17 30

5.-7.klasse

2 km

17 45

8.-10.klasse

3 km

17 45

10.klasse og oppover

3 km

17 45



Vel møtt til litt annleis trening i Brubakk J

Vanleg trening denne torsdagen går ut!!





Skigruppa



Skitrening hausten 2015

Postet av Vinje IL - Ski den 7. Okt 2015

Skitrening hausten 2015
Oppstart veke 42


1.-4. klasse:
- torsdagar 17 00 – 18 00. Gymsalen Vinjehuset
- hugs innesko og drikkeflaske
Trenar 1.-2. klasse: ?? Vi manglar trenar(ar) til denne gruppa
Trenar 3.-4. klasse: Tone Midtbø
Denne treninga inneheld ulike gymaktivitetar.


3. – 4. klasse (og dei som ikkje har prøvd rulleski før):
- tysdagar 17 00 – 18 00. Rulleski – oppmøte bak Fristadsenteret. Skigruppa har ein del rulleskipar til utlån.
- hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpigg, skøytesko/combisko, drikkebelte, hanskar
Trenar: Tone Midtbø

5. klasse og oppover:
- tysdagar 18 00- 19 30. Rulleski- oppmøte bak Fristadsenteret. Trenar: Ingjerd Utistog Kleiv og Aslak Krossbakken
- hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpigg, skøytesko/combisko, drikkebelte, hanskar
- torsdagar 17 30 – 19 00. Barmark +styrke inne. Oppmøte ved Vinjehuset
- hugs joggesko og innesko, drikkebelte, klede etter veret, refleksvest
Trenar: Ingjerd Utistog Kleiv

Oppstart i veke 42 for begge grupper.
Dei som har lånt rulleski av skigruppa kan ta desse med til fyrste trening, tysdag 13.10.

Aktivitetar
For dei som tenkjer å vera med på skitrening denne sesongen

Torsdag 22.oktober – terrengløp! Oppmøte for oppvarming og påmelding i Brubakk kl 17 00. Start kl 17 30
- Terrengløpet er opent for alle frå 1. klasse og oppover- born og vaksne!

Treningsavgift
Treningsavgift er kr. 300,- for fyrste gut/jente og kr. 200,- for sysken. Kan betalast kontant på dei fyrste treningane eller til kontonr. 1503.10.63466. Betalingsfrist 1. november. Treningsavgifta dekkjer skikarusellen.

Ynskjer stor og små velkomen til treningskveldar!

Med helsing skigruppa
v/Tone Midtbø



Runar sin treningshaust

Postet av Vinje IL - Ski den 28. Sep 2015

Runar har sendt oss ei oppdatering frå korleis han har trena sålangt i haust, og kva som er planane framover! Vi takkar for flotte oppdateringar og ynskjer Runar lukke til på høgdeopphald og resten av oppkøyringa!

Treningsoppdatering

Etter den fyrste springeturen med eit islag i myra, er hausten verkeleg i gong!

Det har til no vore ein innhaldsrik haust. Etter sommarferien i Vinje reiste eg rett på treningssamling med Team Synnfjell. Denne vart gjennomført på Gamlestølen, i kanten av Synnfjellet. Det var ei tøff samling med opp imot 30 timar i boka. To viker seinare reiste teamet mannsterke til Toppidrettsvika i Aure. Her var det 4 konkurransar fordelt på 3 dagar. Ikkje bare norgeseliten var til stede, men og mange utanlandske landslag stilte til dyst. Det var særs moro å plutseleg gå side om side med verdsstjerner og kjenne at nivået ikkje var skremmande høgt. Eg avslutta samanlagt innanfor topp 30 og var nøgd med det.

I etterkant av Toppidrettsveka kjente eg at kroppen var sliten. Litt for mykje trening rett i etterkant resulterte i nokre sjukdomsdagar. Eg låg sjølvsagt ikkje på latsida og var med Lars Monsen både på tur over Canada og Nordkalotten. Sjølv om det iblant kan vera behagelig å sette seg ned i godstolen, blir eg mektig lei etter eit par dagar. Så det var godt at eg kunne byrje å trene igjen etter 5 dagar.



Etter sjukdomsperioden gjekk treninga bra, og det var sikkert ikkje så dumt for kroppen å få nokre rolige dagar. Førre vike var eg og Team Synnfjell på samling i Hemsedal. Mykje regn og kald vêr er inga unnskyldning. Heldigvis hadde me fått leige ei stor flott hytte, med eit varmt turkerom., så kleda var turre til neste økt. Samlinga såg slik ut:

Tir:

Reise til Hemsedal

Jogging + 30 min styrketrening 2t

Ons:

1.3000 meter + 6*3 min stakeinervall 2t

2.Rulleskiskøyting med teknikktrening 2t

Tor:

Langtur. 2t skøyting+ 2t jogging + 2t staking 6t

Fre:

1.Kontrollert skøyteintervall. 7*10 min 2.5 t

2.Restitusjon. Fotball 1t

Lør:

1.Elghufs intervall. 7*6 min 2t

2.Langtur staking 3t

Søn:

1.Langtur løp i fjellet 3.5t

Heimreise





Bilete frå elghufsintervallen ved Jostein Vinjerui

Samlinga i Hemsedal var svært oppløftande for min del. Eg fekk gjennomført mange gode økter, og framgangen frå førre samling er betydelig. Eg byrjar å føle meg sterk på trening og å trene jamt over 20 timar på ei vike er ikkje noko problem lengre.

Torsdag 1. Oktober reiser deler av teamet til Tignes i Frankrike på høgdeopphald. Der skal me vere i to viker. Her kan me gå på ski, rulleski og springe. Eg har aldri vore på høgdeopphald før, så dette blir spanande! Utifrå Google sine bilete ser det ikkje ut som om ein godt vandt gut i frå Vinje skal lide nokon nød.





Tignes, Frankrike

Runar





Skiavslutning

Postet av Vinje IL - Ski den 9. Mar 2015





Resultatliste, Vest-Telemark skikarusell IL Rein

Postet av Vinje IL - Ski den 3. Mar 2015

Her er resultatlista frå rennet i Edland på søndag! Vest telemark karusellen, IL Rein.xlsx


Resultatliste klubbmesterskap

Postet av Vinje IL - Ski den 27. Feb 2015

Takk til alle dei 74 som deltok på klubbmesterskapet i går!

Her er resultatlista: resultatliste260215.PDF



Klubbmesterskap, Brubakk torsdag 26.februar

Postet av Vinje IL - Ski den 23. Feb 2015

Klubbmesterskap torsdag 26.februar!

Start kl 1800, premieutdeling ute rett etter rennet. Opent for alle, ikkje vanleg skikarusell denne dagen.

Fint om du melder deg innan onsdag 25.februar, sidan alle skal gå med brikker!
Meir info finn du her: annonse-klubbmesterskap2015 (1).doc

Vi ynskjer alle lukke til!







Byrterennet 22.februar

Postet av Vinje IL - Ski den 19. Feb 2015

Byrterennet sondag 22.februar! Ein del av Vest- Telemark skikarusellen!









Resultatliste Vest-Telemark skikarusell på Dalen

Postet av Vinje IL - Ski den 3. Feb 2015

Her finn du resultatlister frå karusellrennet på Dalen 31.01 resultat2015.pdf

E
r du på facebook kan du gå inn og søkje på "Vest- Telemark skikarusell" og finne all info om karusellen!


Resultatliste frå Vest-Telemark skikarusell i Vrådal

Postet av Vinje IL - Ski den 30. Jan 2015

Her kjem resultatlista frå VT- skikarusellen i Vrådal: Resultatliste VT Skikarusell VrÃ¥dal 27.01.15 (1).pdf


Resultatliste Vest Telemark skikarusell, 22.januar

Postet av Vinje IL - Ski den 23. Jan 2015

Takk til alle som kom på karusellrenn i Brubakk i går. Ca 85 løparar stilte til start i kulda.

Her er resultatlista: resultatliste220115.PDF







Ljos i ljosløypa

Postet av Vinje IL - Ski den 14. Jan 2015

Vergudane er ikkje heilt med oss for tida, og det vert difor vanskeleg å få lift med oss rundt ljosløypa i morgon (torsdag). Det er ljos i den vesle løypa så skikarusellen går som vanleg. Vil du gå rundt den store løypa bør du ha med hovudlykt.


Invitasjon til Vest Telemark skikarusell

Postet av Vinje IL - Ski den 14. Jan 2015

Vest Telemark skikarusell i Brubakk 22.januar.

Invitasjon finn du her:
Vest-Telemark skikarusell-invitasjon220115 (2).pdf


Skikarusell

Postet av Vinje IL - Ski den 11. Jan 2015

Telenor skikarusell i Brubakk!


Startar opp torsdag 15. januar kl. 1700.

Det vert skikarusell seks torsdagar: 15/1, 29/1, 5/2, 12/2, 26/2 (klubbmeisterskap) og 5/3 .


Registrering i klubbhuset. Det kostar kr. 150,- pr deltakar.

I år blir det uformell fellesstart kl. 1715 for dei under skulealder. For dei som er eldre blir det tidtaking kl. 18. I år skal vi prøve å bruke tidtakarbrikker så møt opp slik at vi får erfaring med dette!

22/1 vert det arrangert Vest Telemark skikarusell i Brubakk, sjå eigen info om dette seinare.

Vel møtt!




Terminliste Vest Telemark- karusellen 2015

Postet av Vinje IL - Ski den 5. Jan 2015

Her finn du terminlista for Vest Telemark- karusellen 2015. Fyrste rennet er i Brubakk 22.01.

TERMINLISTE Vest Telemark skikarusell 2015.doc


Tida fram mot NM og stafett

Postet av Vinje IL - Ski den 4. Jan 2015

Under NM på ski på Røros i slutten av januar stiller det i år eit lag frå Vinje IL. Vi har 3 karar som stiller til start, til stor glede for klubben! Dei 3 er Runar S. Mathisen, Kjell Einar Erikstein og Knut Halvor Erikstein.

Dei gler seg til å gå stafett på Røros, men trur ikkje det er realistisk med så veldig store forhåpningar. Det er eit sterkt startheat, men Runar seier dei må prøve å ligge så godt ann som mogeleg så lenge som mogeleg. Med 1 toppløpar på fyrste etappe og 2 avdanka mosjonistar på dei neste etappene, meinar Knut Halvor det er litt vanskeleg å seie korleis dette kjem til å gå. Men ein ting er dei 3 samde om- det blir spennande!

Formen vil dei ikkje seie så mykje om.. Men dei håpar å få lagt ned ein solid treningsinnsats framover mot stafetten.

Vi ynskjer dei lukke til med oppkøyringa, og gler oss til NM på Røros!