Jularennet, 2.juledag

Postet av Vinje IL - Ski den 27. Des 2014

Stor deltaking frå Vinje løparar i Jularennet på Korlevoll 2. joledag.

Runar Skaug Mathisen gjekk inn til ein sterk 7. plass, rett bak ex-Vinje løpar Sindre Høgset. Knut Halvor og Kjell Einar Erikstein fekk 23. og 24. plassen i det sterke seniorfeltet.

Resultatliste finn du her: Jularennet, Korlevoll

0 Kommentar

Resultater Nordea TV Cup 1, Vinjerennet 2014

Postet av Vinje IL - Ski den 30. Nov 2014

Her finn du lenkje til resultatlister for Vinjerennet, 30.11.14, på Vierli: Resultatlister

Vel klasse i menyen til venstre og trykk "søk".

0 Kommentar

Startlister Nordea TV Cup 1, Vinjerennet 2014

Postet av Vinje IL - Ski den 28. Nov 2014

Her er lenkje til startlistene for søndagens Vinjerenn. Vel klasse i menyen til venstre også trykk "start", så kjem det opp liste for klassa du har valt.

Startlister Vinjerennet

0 Kommentar

Invitasjon til Vinjerennet

Postet av Vinje IL - Ski den 27. Nov 2014

Nordea TV Cup 1 Vinjerennet 30. november på Vierli


Vinje IL ynskjer velkomen til skirenn på Vierli på Rauland. NB! Vierli ligg ca. 10 km frå Rauland sentrum i retning Rjukan.

Det er ca. 30 cm med snø på Vierli. Vi hadde ønskt oss meir men har valt å
gjennomføre med dei forholda som er.

Invitasjon, løpslengder og meir info finn du her: Løpsinvitasjon

Garderobar/dusj på Raulandshuset opnar kl 1400!

Vinje IL, Skigruppa








0 Kommentar

Klubbprisar på racingutstyr

Postet av Vinje IL - Ski den 14. Okt 2014




Vinje ILs samarbeidspartner, Sport 1 Fristadsenteret, presenterar klubbprisar på racingutstyr!

Ved felles bestilling frå klubben får vi KNALLGODE prisar på racingutstyr frå Madshus og Fischer.. Dette gjeld ski (junior og senior), stavar og skisko (klassisk og skøyting)! Er du medlem av Vinje IL og ynskjer å kjøpe nytt skiutstyr før sesongen sjå meir info om avtala her: Info klubbprisar racing langrenn.doc.

Prisliste og info om modellar finn du her: Skibestilling Nov 14,info og prisar.xls

For bestilling fyller du ut dette skjemaet Skibestilling, skjema.xls,og leverar til Tone Midtbø (skigruppa) innan 8. november 2014, så sender ho inn bestillinga felles.Skjemaet kan og scannas til tonenemi@gmail.com. Bestillinga er bindande og utan returrett! For meir info kan du kontakte Tone på mail eller tlf 99575536


0 Kommentar

Dugnad i 5- kilometeren

Postet av Vinje IL - Ski den 6. Okt 2014

Trasseen må ryddas før vinteren!

Skigruppa kallar inn til ryddedugnad i 5-kilometeren måndag 13.oktober og tysdag 14.oktober klokka 1630! Ta med ryddesag, motorsag.. det du har! Ungar kan og vere med å rydde kvist. Oppmøte ved starten av Langesævegen kl 1630 begge dagar! 

Vel møtt!

0 Kommentar

Skitrening hausten 2014

Postet av Vinje IL - Ski den 6. Okt 2014

I veke 42 startar skitreninga opp att.

1.-4 klasse: torsdagar kl 17-18 i gymsalen på Vinjehuset. Hugs innesko og drikkeflaske! Trenarar: Ingebjørg Austjore og Tone Midtbø

3.-4. klasse (og dei som ikkje har prøvd rulleski før): måndagar kl 18-19. Rulleskitrening med oppmøte bak Fristadsenteret. Hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpiggar, skøytesko/combisko, drikkebelte og hanskar. Skigruppa har nokon rulleskipar til utlån. Trenarar: Aslak Krossbakken og Tone Midtbø

5.klasse og oppover: måndagar kl 18-1915. Rulleskitrening med oppmøte bak Fristadsenteret. Hugs HJELM, REFLEKSVEST, stavar m/asfaltpiggar, skøytesko/combisko, drikkebelte og hanskar. Trenar: Ingjerd Kleiv

Torsdagar kl 1730-1830 barmarkstrening + styrke inne. Oppmøte ved Vinjehuset. Joggesko, innesko, drikkebelte og klede etter veret! Trenar: Kathrine L. Kroken. 

Dei som har lånt rulleski av idrettslaget tidlegare må ta med desse på fyrste trening måndag 13.10! 

0 Kommentar

Runar er klar for ny sesong i skisporet!

Postet av Vinje IL - Ski den 26. Sep 2014

Runar S. Mathisen sendte oss idag ein liten update på korleis han ligg ann fram mot sesongstart og litt om kvardagen som toppidrettsutøvar! 

Etter at sumarferien i Vinje var ferdig har flyttelasset igjen gått til Lillehammer. Tilbake til ein hektisk kvardag med trening 2 gonger til dagen kun avbrote av skulegang ved Høgskulen i Lillehammer. Det er moro å treffe igjen og trene saman med mange gode skiløparar! I år delar eg leilegheit med ein skiløparen frå Høydalsmo, Eivind Kvaale. Mange av øktene blir gjennomført i saman med han.

Ein typisk dag kan sjå slik ut:
- 1. økta klokka 08.00. 3 timar springing i terreng og myr
- Skule i nokon timar
- 2. økta klokka 16.00. Rulleski 1 time + 1 time styrketrening

Mykje av dagen blir bruka til restitusjon. Å kvile er like viktig som å trene. Utan tilstrekkeleg med kvile vil ikkje kroppen utvikle seg optimalt.

I år er eg ein del av Team Synnfjell i tillegg til at eg er medlem av Vinje IL.
Eg har vore på samlingar med Team Synnfjell. Det er lagt opp til sju dagar der alt handlar om trening og kvile. I slike veker kan eg kome opp i 30 timars trening, men på siste samling var eg diverre sjuk nokon dagar. Imidlertid må ein neste rekne med litt slikt no som hausten melder sitt inntog.

Før sesongen føler eg at eg ligg godt an! Det er to månader til første skirenn på Beitostølen. Fram til sesongstart må dei siste førebuingane gjennomførast, og eg håpar at eg vil vera i godt slag til Beitostølen. Det er framleis plass til mange treningstimar før den tid!

Det største målet mitt for sesongen vil vere Norgescupen. Det er 5 helger som inngår i denne cupen, og dei beste norske skiløparane er med. Den viktigaste helga denne vinteren vil vera NM på Røros i slutten av januar. Då håpar eg å finne toppforma!
Den fyrste Norgescup helga er allereie veka etter opninga på Beitostølen og vil haldast på Gålå. Dette er diverre same helga som Vinjerennet på Vierli. Eg har difor ikkje moglegheit til å deltaka her.

Eg håpar alle heime er godt i gang med treninga og gleder seg like mykje til vinteren som eg gjer!

Med venleg helsing
Runar Skaug Mathisen

PS
Følg med på www.teamsynnfjell.no




0 Kommentar

Kretssamling i Langesund, langrenn

Postet av Vinje IL - Ski den 5. Jul 2014

Kretssamling for alle frå 13 år (født 2002) til eldre junior 20 år.

Ingen felles påmelding, du må melde deg på sjølv innan fristen. Program og meir info finn du her:
Kretssamling i Langesund, langrenn  




0 Kommentar

Skitrening i sommar

Postet av Vinje IL - Ski den 25. Jun 2014

Fredagar er det barmarkstrening i Brubakk kl 1800. Intervalltrening. Hugs stavar og drikke!

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline