Sesongkort på Rauland Skisenter?

Postet av Vinje Idrettslag den 29. Nov 2017

Alle medlemmar i Vinje IL får 30% rabatt på sesongkort på Rauland Skisenter dersom du kjøper før 31.12.2017. Hugs og ta med gyldig medlemskort når du skal kjøpe sesongkortet! (Du må ha bustadadresse i Vinje kommune).
Sesongkort kan kjøpast på Tiur (skishop) eller i skiutleiga på Vierli.



IDRETTSLEIKAR

Postet av Vinje Idrettslag den 8. Nov 2017


15. - 17.august 2017 vart det arrangert idrettsleikar på Åmot Stadion. Det var tre ettermiddagar med noko blanda ver, men at veret ikkje har noko å sei for idrettsglade ungar fekk me fort erfare. Humøret var på topp, og idrettsgleda stor. Det var 8 ulike stasjonar; 60 meter, hekk, lengde, høgde, ballkast, leik, hinderløype og fyrstehjelpsstasjon. Ungane blei dela i grupper, og gjennom to dagar fekk dei prøve ut dei ulike idrettsgreinene. Siste dagen var det eit myldrestevne der alle kunne få tatt tid på kor fort dei sprang, måle kor langt dei kasta, kor langt dei hoppa, kor høgt dei hoppa og til slutt var det eit langløp rundt idrettsbanen. Idrettsleikane blei avslutta med diplom og medaljeutdeling, kake og drikke! Vil nytte høvet til å sei tusen takk til foreldre som stilte opp som hjelparar, og ikkje minst tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar! Nedanfor fylgjer nokon glimt frå dagane me hadde i august!