Sesongkort på Rauland Skisenter?

Postet av Vinje Idrettslag den 29. Nov 2017

Alle medlemmar i Vinje IL får 30% rabatt på sesongkort på Rauland Skisenter dersom du kjøper før 31.12.2017. Hugs og ta med gyldig medlemskort når du skal kjøpe sesongkortet! (Du må ha bustadadresse i Vinje kommune).
Sesongkort kan kjøpast på Tiur (skishop) eller i skiutleiga på Vierli.



IDRETTSLEIKAR

Postet av Vinje Idrettslag den 8. Nov 2017


15. - 17.august 2017 vart det arrangert idrettsleikar på Åmot Stadion. Det var tre ettermiddagar med noko blanda ver, men at veret ikkje har noko å sei for idrettsglade ungar fekk me fort erfare. Humøret var på topp, og idrettsgleda stor. Det var 8 ulike stasjonar; 60 meter, hekk, lengde, høgde, ballkast, leik, hinderløype og fyrstehjelpsstasjon. Ungane blei dela i grupper, og gjennom to dagar fekk dei prøve ut dei ulike idrettsgreinene. Siste dagen var det eit myldrestevne der alle kunne få tatt tid på kor fort dei sprang, måle kor langt dei kasta, kor langt dei hoppa, kor høgt dei hoppa og til slutt var det eit langløp rundt idrettsbanen. Idrettsleikane blei avslutta med diplom og medaljeutdeling, kake og drikke! Vil nytte høvet til å sei tusen takk til foreldre som stilte opp som hjelparar, og ikkje minst tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar! Nedanfor fylgjer nokon glimt frå dagane me hadde i august!




Trekning av gåvekort

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Aug 2017

Tidligare i vår lova me at alle som meldte seg som ny badevakt innan 15.juni ville vera med i trekninga av eit gåvekort på kr 3.000 på sporten!

På styremøtet i dag vart den høgtidelege trekninga halde og me har gleda av og utrope

Nils Årekol Sekse

som vinnar av gåvekortet!

Det er framleis plass til fleire badevakter - hiv deg rundt og ta kontakt med Hassan om du kjenner at dette er noko for deg!



Friidrettsleikar

Postet av Vinje Idrettslag den 30. Jun 2017

Vinje Idrottslag ynskjer velkommen til friidrettsleikar på Åmot Stadion, 15, 16 og 17 august 2017,klokka 16.30- 18.45. Leikane er for born mellom 6 og 12 år. Her kan dei prøve ulike friidrettsgreiner og det blir og leik og moro. Det blir servert frukt og drikke. Utdeling av t-skjorter til alle deltakarar, samt diplom og deltakarpremie siste dagen. Påmelding på https://www.deltager.no/Idrettsleker/forside
Påmeldingsfrist er 15.07.2017 ( pga. bestilling av deltakarmateriale)
Ved spørsmål ta kontakt med
Heidi Lysdahl 95234646 eller
Iselin Øyre 99360054



Deltakartilskot

Postet av Vinje Idrettslag den 16. Mai 2017

Er du medlem av Vinje IL og har delteke på store arrangement, eller hatt store reiseutgifter i samband med idretten din i løpet av 2016? Då kan du søkje om deltakartilskot frå idrottslaget. Søknad sendast til Vinje IL v/Ingrid Sudbø Tveito, Juvbakkstubben 4, 3890 Vinje. Søknadsfrist 01.06.2017.

Styret Vinje IL



Vil du vera badevakt?

Postet av Vinje Idrettslag den 25. Apr 2017

Vinje idrottslag får solide inntekter for dugnadsinnsatsen som den flotte gjengen med badevakter på Vinjehuset legg ned for oss. Tusen takk!

Me ynskjer fleire badevakter og planen er og halde eit nytt kurs i slutten av august / byrjinga av september.

Målet med fleire badevakter er at alle kun får ei vakt per månad. Kvar vakt varer stort sett 4,5 timar.

Som badevakt får du og familien bade gratis så ofte de vil, du får gratis medlemskap i idrottslaget og dersom du melder deg som ny badevakt til Hassan innan 15.juni er du med i trekninga av eit gåvekort på kr 3.000!

Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med Hassan eller ein av dei andre badevaktene!



Takk for strålande jobb Bård!

Postet av Vinje Idrettslag den 6. Apr 2017

Takk for strålande jobb Bård!

Då Vinje bestemte seg for å starte opp att eit seniorlag i 2007 så meldte Bård seg som trenar. Med unntak av eit års pause så har han vore trenar heilt fram til hausten 2016. Med Bård som trenar fekk Vinje ein stabil trenar som alltid stiller opp. Er på alle treningar, alle kampar og møter opp på alle dugnadar. Er ikkje mange som har fleire timar på Åmot Stadion enn Bård.

Som trenar opplevde han og suksess med tre opprykk på tre år når Vinje gjekk direkte frå 7.divisjon til 4.divisjon som er det høgaste Vinje nokon gong har vore i divisjonssystemmet. Bård har vore ein trenar for spelerane. Har alltid hatt god kontakt med alle spelerar uansett alder.

Spelerar på A-Laget som har vore med ei stund er takknemleg for innsatsen som Bård har lagt ned og Bård skal ha ei stor ære for at Vinje framleis har eit seniorlag.

Takk for ein strålande jobb Bård, med vennleg helsing frå alle spelerar på Vinje A-Lag.



Ein stor takk til Bård Øien for jobben du har gjort som A-lags trenar for Vinje IL. Ein viktig jobb for heile fotballgruppa. Å ha eit seniorlag i ei fotballgruppe motiverer og inspirerer yngre spelerar til å fortsette og gjer at me har forbilder å strekke oss etter. Når A-lagstrenaren attpåtil er ein person som positivt stiller opp og sjølvsagt tar eit tak når det trengs, så er du eit veldig positivt forbilde for dei fleste. Tusen takk!

Vennleg helsing Vinje IL, fotballstyret


Viser Bard Oien.JPG



Årsmøte 2017, sakliste

Postet av Vinje Idrettslag den 5. Mar 2017

Tysdag 7.mars er det årsmøte i Vinje IL. Møtet finn stad på Vinjehuset, møterom i 2.etasje, kl 1800. Me ynskjer alle medlemmar velommen!


Sakliste:

1. Godkjenning av stemmeberettiga.

2. Godkjenning av innkalling og sakliste

3. Val av dirigent, referent og 2 til å skrive under protokollen.

4. Årsmeldingar

5. Rekneskap 2016

6. Budsjett 2017

7. Val


Årsmøte 2017

Postet av Vinje Idrettslag den 20. Feb 2017

Det blir årsmøte i Vinje IL, tysdag 7.mars kl 1800 på Vinjehuset.

Ynskjer du å sende inn saker kan desse sendast til leiar Maria Bruleite Bjåen innan 24.februar. Sakene kan sendast til maria_b_bjaen@hotmail.com.





Resultatliste Vest-Telemark skikarusell 2017

Postet av Vinje Idrettslag den 13. Feb 2017

9. februar var det Vest-Telemark karusell renn i Brubakk. 78 store og små løparar stilte til start! Resultatliste finn du her: resultatliste.pdf




Medlemskontigent

Postet av Vinje Idrettslag den 11. Jan 2017

I desse dagar sender me ut faktura på medlemskontigenten. Denne får du elektronisk, på e-post. Ligg du ikkje inne med e-post i vårt system, får du faktura i posten.

Du kan logge deg inn på www.minidrett.no for å betale fakturaen. Her kan du og oppdatere informasjon (adresse, telefonnummer, familierelasjonar osv). Her finn du og medlemskortet ditt, slik at du kan skrive det ut.

Min idrett har og ein eigen app du kan laste ned, "Min Idrett". Her finn du oversikt over kontigentar og avgifter, du kan betale via appen, og du finn medlemskortet ditt.


NB! Det kan hende du får fleire like e-postar med same faktura, du skal kun betale den eine! Grunnen til at du får fleire er at fleire i familien ligg inne med same e-postadresse.


Hugs at du som medlem i Vinje IL får -10% rabatt på alle varer, og -20%på ski- og fotballutstyr, hjå Sport 1 Vinje. Du må vise medlemskortet dit når du betalar, og difor er det lurt å skrive ut medlemskortet, eller laste ned Min Idrett appen.




Levert av IdrettenOnline