Terminliste Telemark og Vestfold skikrets, langrenn

Postet av Vinje Idrettslag den 27. Des 2016

Her finn du terminlista for langrenn i Telemark og Vestfold skikrets 2016/2017:

Terminliste Telemark og Vestfold skikrets, langrenn


Terminliste for Vest- Telemark skikarusell finn du lenger ned på heimesida.



Jolekalender 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 1. Des 2016

Her blir vinnarane av jolekalenderen lagt ut kvar dag.


Vinnarar:

1.desember: Bjønn Tveito

2.desember: Ragnhild Midtbø

3. desember: Åsmund R. Nordheim

4.desember: Svein Verpe

5. desember: Tone O. Kostveit

6.desember: Ole Kristian Nyhus

7.desember: Anne Austjore Våle

8.desember: Haldis N. Kleiv

9.desember: Kirsten Austjore

10.desember: Sølve Ringhus

11.desember: Guro I. Kleiv

12.desember: Inger Høgset

13.desember: Ragnhild K. Heie

14.desember: Elin Groven

15.desember: Anne N. Jordstøyl

16.desember: Margit Christenson Aarhus

17.desember: Sølvi Helen Lundquist

18.desember: Baste Mondal

19.desember: Inger M. Rønningen

20.desember: Viljar Barstad

21. desember: Nora Emilie Aamot

22.desember: Georg Gardsteig

23.desember: Jon Gunnar Hustveit

24.desember: Margit Irene Kleiv



Vinnarane blir kontakta av Vinje IL v/ Norway cup gruppa



Klubben i mitt hjerte

Postet av Vinje Idrettslag den 14. Nov 2016

Hugs å stemme på Vinje IL kvar dag i frå 12.-25.november! Får me meir enn 50 stemmer kvar dag er me med i trekninga av 10 000kr! Til slutt blir hovedpremien på 100 000kr trekt!

Les meir på og STEM på www.klubbenimitthjerte.no



Trekking av Tøpp5 og trimbøkar!

Postet av Vinje Idrettslag den 29. Okt 2016

Då har me trekt ut vinnar av Tøpp5 2016! Over 130 stk leverte inn kort, så dette blei ein suksess! Kjempe moro for oss i trimgruppa og i idrottslaget at så mange var ute på topptur denne sommaren.

Vinnar av gåvekort på Tøpp5 blei Siri Louise Hovden!


Me har og trekt ut vinnarar i trimbøkene.

Vinnarar barn under 15 år: Maria Solberg, Ogbad Mohamed, Andrea Lyngestad og Jonas J. Olsnes.

Vinnarar vaksne over 15 år: Kristine Austjore Våle, Hege Veslestaul, Arild Fossland og Ann Kristin Øien.


Vinnarane blir kontakta av trimgruppa!





Dørstokkmila 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 1. Aug 2016





Treningsavgift fotball 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 28. Jun 2016

Me har no sendt ut faktura for treningsavgift, fotball, 2016. Den har du fått på e-post. Har du ikkje fått den på e-post kan du finne den inne på www.minidrett.no. Ligg du ikkje inne i vårt system med e-postadresse får du den i posten.


Du får ikkje betale treningsavgifta før du har betalt medlemskontigenten din! Den finn du og inne på www.minidrett.no.


Har du fleire born med på fotball, men kun fått ein faktura? Det er fordi at du har fått faktura spesifisert med "treningsavgift familie". Me har ein pris for eit born og ein pris for fleire born (400,- og 500,-).

Medlemskontigent må alle medlemmar betale. Treningsavgift må du betale til dei ulike gruppene der bornet/borna dine er med på ein aktivitet.


Har du spørmål kan du kontakte kasserar i fotballgruppa Gry Jeanette Hustveit, tlf 90574798, e-post gry_jeanette@hotmail.com.



Ordalsåta opp 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 15. Jun 2016



Min idrett på mobil!

Postet av Vinje Idrettslag den 9. Jun 2016

NYHET: Min idrett på mobil!




Norges Idrettsforbund lanserer nå Min idrett på mobil med ny og spennende funksjonalitet.
Skal du melde deg på og betale for arrangement, søke om medlemskap i en klubb for deg eller ditt barn eller betale medlemskontingent og laste ned medlemskortet så er Min idrett på mobil stedet å gjøre dette.


Dette og mye mer finner du i appen som du laster ned i App Store eller Google Play nå!


Appen byr på et helt nytt brukergrensesnitt og inneholder følgende funksjonalitet:

- Online betaling av medlemskontingent, treningsavgift eller andre avgifter
- Online betaling av lisens og oppgradering av lisens
- Medlems og lisenskort klare til nedlasting
- Søk om medlemskap i Klubb
- Terminliste, påmelding og betaling av arrangement
- Kalendervisning
- Tilgang til familiemedlemmers profil slik at foresatte kan administrere sine barns medlemskap og betalinger direkte fra mobilen


Tur til Vehuskjerringa

Postet av Vinje Idrettslag den 8. Jun 2016

Hei alle sammen!

Kvar måndag er det ein gjeng som går til Vehuskjerringa. Oppmøte ved bommen på skogsbilvegen på Vehus, kl 1800. Dess fleire ein er jo trivlegare blir det..

Alle følger eige tempo, og alle kjem seg opp!

Sleng deg med og få deg ein topptur!






Tøpp 5!

Postet av Vinje Idrettslag den 2. Jun 2016

Trimgruppa prøvar i år noko nytt!

TØPP 5 har me kalla det. Her er ideen at du må koma deg opp på 5 toppar i løpet av sommaren/hausten.

Toppane er : Hyljås, Fonnlinuten, Furufjell, Vehuskjerringa og Fjellhovdane.

Klarar du dette er du med i trekninga på eit gåvekort verdi 2000 kr. Kortet finn du i postkassene, det må leverast innan 24.oktober på Sport 1 i Åmot.

I tillegg til TØPP 5 har me framleis turbøkar, der du også kan vinne gåvekort.
Postkassene finn du her :

Vehuskjerringa ,Fonnlinuten, Hyljås, Gapahuken (ved Hyllandshylen) Ormetjønn, Brubru, Steimerre, Kappelnuten , Jønnardalen , Mærstøyl, Fjellhovdane, Eivindskvileplass, Espelid, Smørkleppdalen (Sandhyl, Fitjevatn, Leistveit), Furufjell (NY!).
Kart over toppane og turløypene kan du kjøpe på Sport 1, Tenestetorget, Esso, Groven camping og Rauland turist.
Me ynskjer alle ein riktig fin tursommar!
Trimgruppa




Ny sesong nye moglegheiter!

Postet av Vinje Idrettslag den 30. Mai 2016

Ny sesong nye moglegheiter!


Hei igjen!


Sjølvsagt finnes det skiløparar på Island og………..
Sesongen 2016/17 er for lengst i gong. Etter ein liten månad med ferie i April, som blei bruka til å gå fleire skirenn både i Noreg og på Island, er dieselmotoren fylt til randen. Gode resultat på tampen av førre sesong, med ein 23. plass på NM 5 mila og siger i både Knarren rundt og Fossavatnsgangan 25 km på Island, gav motivasjon for å starte på ein ny barmarkssesong. Seist eg hadde eit innlegg her på heimesida til Vinje IL, var eg utlånt til Team Synnfjell. No har eg endeleg fått høve til å kalle meg ekte telemarking. Som representant for Vinje IL og løpar for Team Telemark, kan eg igjen kalle meg telemarking.
Det nystarta Team Telemark er eit profesjonelt langrennsteam. Grunnstamma av løparane kjem frå Telemark, mens det og er henta inn eminente løparar på dame og herresida for å tilføre erfaring, og skape ei sterkare gruppe. Dei fleste samlingane vil vere i Telemarks regionen. Tanken bak laget er sjølvsagt å utvikle gode langrennsløparar. I tillegg ynskjer Team Telemark å fronte fylket og dei moglegheitene som finnes her, inspirere til aktivitet hos unge og gamle og vere ei samlande kraft for regionen.

Team Telemark med luer frå Helterennet

Fyste samling er allereie gjennomført. Oppstartssamlinga vart gjennomført på Gaustablikk, der me fekk trene i bratte bakkar og fint vêr. Med eigen kokk (styreleiarenn er eit multitalent) og flott utsikt frå kjøkkenbordet var det ikkje vanskeleg å koma seg opp om morgon. Laget synes å vera ei svært lovande gruppe. Med alt frå erfarne verdscupløparar til sterke fyrsteårsseniorar, blir detta ein eksplosiv miks. På samlinga fekk me trent mange gode økter, inkludert elghufs opp Krossobanen og stakeøkt frå Rjukan og opp bakkane til Gaustablikk. Det er no grunnlaget leggast for å tole den harde treninga til hausten. Er eg for dårlig trent når eg kjem til august, vil eg ikkje kunne oppretthalde den intensiteten og timetalet eg veit må til for å gå fort til vinteren.

Utsikten frå frukostbordet


Planane for sumaren en mange. Neste veke har eg seiste eksamen på årsstudium i Pedagogikk. Direkte etter eksamen går vegen til samling på Vikafjellet med teamet, der det skal bli gått mange mil på ski. Attende i sumarveret kjem eg til å vere trenar ved Sommarland Skifestival i Bø. Der håpar eg å møte mange løparar frå Vinje IL! Som avslutning i Bø blir det arrangert 50 km klassisk rulleski i Lunde/Kanalrennet. Her stiller heile norgeseliten i langløp, så det er verkeleg noko å bryne seg på. To dagar seinare sit et på flyet til høgdesamling i Pyreneene i Frankrike. Her blir eg i tre veker, og skal trene saman med blant anna teamkamerat Mikael Gunnulfsen. Vel heime er det ikkje mange vekene før samling i Kragerø med Team Telemark. Timeplanen er som dykk skjønar tima og tilrettelagt.

Sommarland skifestival 2015


Følg gjerne med Team Telemark på Facebook med @teamtelemarkas, Instagram og Snapchat med namnet: teamtelemark

God aktiv sumar!
Helsing
Runar




Deltakartilskot for 2015

Postet av Vinje Idrettslag den 26. Apr 2016

Deltakartilskot 2015

Er du medlem av Vinje IL og har delteke på store arrangement, eller hatt store reiseutgifter i samband med idretten din i løpet av 2015? Då kan du søkje om deltakartilskot frå idrottslaget. Søknad sendast til Vinje IL v/Maria Bruleite Bjåen, Åbøvegen 15, 3890 Vinje, e-post: maria_b_bjaen@hotmail.com.

Legg ved dokumentasjon/kvitteringar.

Søknadsfrist 13.05.2016

Styret Vinje IL


Vinje IL treng deg!

Postet av Vinje Idrettslag den 18. Apr 2016


Me treng DEG!

Hei DU som ynskjer å bidra slik at barn og unge skal ha moglegheit til å få oppleve idrettsglede, få skape nye vennskap, ha det moro i lag og å få nye opplevingar! DU som ynskjer å vere med å bidra til at bygda vår er ein god stad å vekse opp, og at det er ei bygd med liv og aktivitet! DU som veit at skal ein skape noko så må ein bidra!

Vinje idrottslag er eit idrottslag med ca 500 medlemmar, og me driv mange ulike grupper og idrettar. Me har ei fotballgruppe, skigruppe, trimgruppe, volleyballgruppe, sykkelgruppe og barneidrett! Skikarusellar, skirenn, fotballskular, Vinjecup, vaflar i Jønnardalen og TA-trim. Bak alle desse aktivitetane og arrangementa ligg det mange dugnadstimar, for at borna skal oppleve idrettsglede, skape nye venskap, ha det moro i lag og oppdage nye opplevingar! Der er trenarar, lagleiarar, sjåførar, loddseljarar og is-seljarar. I tillegg sit det eit styre i idrottslaget. Og under der sit det eit styre i kvar gruppe som organiserer og planlegg alle aktivitetar og arrangement. Desse styra er nødvendige for å halde aktivitetane i gang, og for at vi skal vere eit fungerande idrottslag.

Me, Vinje idrottslag, ynskjer hjelp til forskjellige verv som er viktige for at me skal vere eit fungerande idrottslag. Me håpar at DU ynskjer å bidra! Oppgåvene er oppgåver alle klarer, og det er tett samarbeid innad i gruppene og i styrene. Ynskjer du å vere leiar i idrottslaget? Eller nestleiar? Me treng og nokon som kan vere med å planleggje og organisere Vinjedagslotteriet, kanskje du kan hjelpe til med det? I tillegg treng volleyballgruppa eit medlem i styret sitt, kanskje du kan bidra der?

Alle desse oppgåvene er dugnadsarbeid, og det er den måten me driftar idrottslaget vårt på! Ulønna, frivillig arbeid for fellesskapet. For bygda me bur i, for idrottslaget, for idrettsglede! Meld deg frivillig i ein av desse verva, og bidra til aktivitet, arrangement og idrettsglede!


Mvh
Styret Vinje IL v/leiar Maria Bruleite Bjåen
Mail: maria_b_bjaen@hotmail.com,
Tlf: 91719899




Trekking av trimbøkar vinteren 2015/2016

Postet av Vinje Idrettslag den 16. Apr 2016

Trimgruppa har trekt ut vinnarar frå trimbøkar!

Vinnarar u/15 år:

Aslaug T. Skjævesland

Liv Randi Groven


Vinnarar over 15 år:

Dagen Vesaas

Grethe Tvitekkja


Vinnarane blir kontakta!





Sakliste årsmøtet 2016

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Mar 2016

Sakliste årsmøte 2016



1. Godkjenning av stemmeberettiga.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av dirigent, referent og 2 til å skrive under protokollen.
4. Årsmeldingar – vedlegg 1
5. Rekneskap 2014 – vedlegg 2
6. Budsjett 2015 – vedlegg 3
7. Fastsetjing av medlemskontingent for 2016
8. Val



Krav om politiattest

Postet av Vinje Idrettslag den 17. Mar 2016

Krav om politiattest

Alle som er trenarar, lagleiarar, styremedlemmar og badevakter må skaffe seg politiattest.

Vedlagt ligg bekreftelse på formål med politiattest, og på denne må du fylle ut namn, fødselsnummer, stillingsbeskrivelse (trenar, lagleiar, badevakt, styremedlem). Fyllast ut og sendast som vedlegg med søknaden. Du finn den her: Bekreftelse på formål om politiattest

Ny attest må visast kvart 3.år

Slik gjer du ved elektronisk søknad:

  • Fyll inn namn, fødselsnummer og stillingsbeskrivelse på bekreftelsen frå idrottslaget
  • Elektronisk søknad:
  • gå inn på www.politi.no/tjenester/politiattest
  • vel elektronisk søknad om politiattest på høgre side
  • du må logge inn med MinId
  • vel frivillig organisasjon
  • legg ved bekreftelse på formål med politiattest som er signert av leiar i idrottslaget. Print den ut, fyll inn, og scann inn att på pc.
  • Send søknad
  • Når du får den tilbake i posten, vis den til leiaren i di gruppe (fotball, ski, volleyball). Badevakter må vise til Hassan.


Slik gjer du ved søknad per post:

  • Fyll ut dette skjemaet Søknad om politiattest
  • Hugs å send med vedlegg om bekrefelse på formål om politiattest
  • Hugs kopi av legitimasjon
  • Send søknad i posten.
  • Når du får den tilbake i posten, vis den til leiaren i di gruppe (fotball, ski, volleyball). Badevakter må vise til Hassan.


Søknad må sendast så fort som mogeleg!

Ved spørsmål kontakt leiar i hovudlaget, Maria Bruleite Bjåen (mail: maria_b_bjaen@hotmail.com, tlf 91719899).



Medlemskontigent

Postet av Vinje Idrettslag den 26. Feb 2016

No har me sendt ut medlemskontigent for 2016! Du har fått faktura på mail.


Ved spørsmål angåande faktura kan du kontakte Anne S. Hamre på mail annestrandskogen@live.no.


- hugs at born er med i familiemedlemskap til og med det året dei fyller 20 år

- har du ikkje fått faktura ligg du ikkje inne med e-postadresse. Send e-postadresse til annestrandskogen@live.no. Du får faktura i posten om du ikkje har e-post

- born under 10 år må ha familiemedlemskap saman med familien (minimum 1 forelder/føresett)

- får du fleire fakturaer, er det berre den eine som skal betalast. Dette skjer fordi e-postadressa di ligg inne på alle familiemedlemmane dine

- enkeltmedlemskap; 300,-, familiemedlemskap; 600,-


Når du har betalt må du logge inn på www.minidrett.no for å printe ut medlemskortet ditt! Medlemskortet du vise for å få rabattar hjå vår samarbeidspartner Sport 1 Vinje.




Årsmøte Vinje IL

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Feb 2016

Årsmøte i Vinje IL! Tysdag 29.03.2016, kl 1800 i klubbhuset i Brubakk.

Saker ein vil ha opp på årsmøtet må sendast styreleiar Maria Bruleite Bjåen innan 06.03.2016.

maria_b_bjaen@hotmail.com/ Åbøvegen 15, 3890 Vinje.


Endeleg sakliste kjem på www.vinjeil.no!

Me ynskjer alle medlemmar vel møtt!


Styret Vinje IL



NM oppdatering frå Runar

Postet av Vinje Idrettslag den 4. Feb 2016

Undertegnede vart tatt med buksa nede for litt tjuvskøyting på stafetten


Då var sesongens store mål, NM del 1 i Tromsø, ferdig. For Team Synnfjell vart dette ein kjempeopptur, med Mikael Gunnulfsen i spissen. Med både ein 5. og 9. plass blant Noregs beste skiløparar er dette store prestasjonar. Det er svært artig at teamkameratar som ein har trent mykje saman med, verkeleg får det til. Dette gjev og sterk motivasjon til resten av laget, noko som viste seg på 30 km skiatlon, der teamet hadde fire løperar inne topp 40. For min eigen del var NM ei godtkjent helg, men eg skulle sjølvsagt ynskje eg var endå eit par plassar lengre oppe på resultatlista. Med 75. plass på 15 km klassisk og beste resultatet som nr 49 på 30 km skiatlon, var dette noko bak målet om topp 30. Avstanden opp til der eg ynskjer å ligge er likevel ikkje avskrekkande, og kan fort knappast innpå. Under 1 minutt skilte det frå plass nr 30 til nr 75 på 15 km klassisk.



Helgas høgdepunkt var stafetten for Vinje IL. Knut Halvor Erikstein og Kjell Einar Erikstein stilte opp i Tromsø klare for 3*10 km. Målet var å ikkje bli tatt att med ein runde av teten, slik at me fekk lov å fullføre til mål. Eg stilte på den klassiske opningsetappa klar til å stake. I eit fryktele snovêr veksla eg på ein 20. plass med Knut Halvor. Blant satsande skiløparar fekk begge brørne Erikstein det tøft på sine skøyteetappar. Likevel klara me målet om å ikkje bli tatt att av teten, og gjennomførte til ein 50 plass. Dette kan kome godt med i startfeltet til neste år, då er NM på Austlandet og mange fleire lag kjem til å stille.

Neste viktige rennhelg er allereie om halvannen veke. Då går reisa til Meråker og Norgescupen der. Det skal konkurrerast i skøytesprint og 30 km klassisk fellesstart. I mellomtida blir det nokon mil i skiløypa, og kanskje må ein få prøvd hockeyskøytune.


'

Dagen i dag vart brukt ute i løypa saman med teamkompis Kentaro Ishikawa frå Japan. I kveld skal eg fôrast med Japanske kjøttkaker. Dei sklir vel ned som vanleg om eg kjenner meg sjølv rett.

Stå på der heime i Vinje. Det er no dei fine skiturane kjem!

Helsing

Runar



OL-ilden tilbake til Morgedal

Postet av Vinje Idrettslag den 9. Jan 2016

Til hele idrettstelemark


Den 30. januar 2016 kommer OL-ilden tilbake til Morgedal, slik tilfellet var i forkant av de olympiske lekene i 52' og i 94'. Skulle bare mangle at vi igjen valgte skisportens vugge som destinasjon for vår fakkelmarkering i forkant av Ungdoms-OL på Lillehammer i februar. Ungdoms-OL er skapt av og for de unge i idretten, de som skal bli morgendagens frivillige og utøvere. Vi håper på å komme med vårt bidrag til ungdommen når fakkelturneen kommer til Morgedal den 30. april!

Vi inviterer herved hele Telemarksidretten til olympisk fakkelmarkering i Morgedal den 30. januar!

Vi skal ha en spektakulær snowboardkonkurranse, alle små, mellomstore og store kan prøve ut masse olympiske øvelser, vi får besøk av den spellemannsnominerte hiphopkometen Arif - og vi skal selvsagt ha en ærverdig tenning av OL-ilden. Dette blir en fabelaktig vinterdag med ekte olympisk stemning. Håper å se dere der!

Mer info om arrangementet kan du finne på facebook ved å følge denne linken - håper dere liker innholdet og sprer budskapet!

NB: Vi setter også opp gratis busser fra de fleste befolkningstette steder i Telemark, her har dere direktelink til å melde seg på den.

Olympisk hilsen
Telemark idrettskrets

Go Beyond, Create Tomorrow



Levert av IdrettenOnline