Klubbdag, laurdag 14.november 2015

Postet av Vinje Idrettslag den 10. Nov 2015

Sport 1 Vinje inviterar til klubbdag! Du ha medlemskort for 2015 for å få rabattar!



0 Kommentar

Søknad om midlar

Postet av Vinje Idrettslag den 9. Nov 2015

Utlysing idrettsmidlar

Det er høve for lag under Vinje Idrettsråd å søkje om midlar

til prosjekt/tiltak. Maks søkn.sum kr 50.000. FRIST satt til 1.des 2015.

Prosjektet kan utførast i 2016. Styret i Vinje Idrettsråd handsamar søknadane.

Hugs kostnads –og finansieringsplan for tiltaket!

Søknad sendast til Eining for kultur v/Silje Hagen (sekretær Vinje IR)




0 Kommentar

Trimbøkar 2015

Postet av Vinje Idrettslag den 26. Okt 2015

Trimgruppas bøkar for sommaren 2015 er trekt! Og desse har vunne gåvekort:

Under 15 år: Aslaug Ringhus og Liv M. Ljostad

Over 15 år: Marit Kostveit, Annika Sheine, Leiv Kostveit, Jorun Solberg.

Vinnarane blir kontakta av trimgruppa.


Trimgruppa, Vinje IL

0 Kommentar

Vi treng badevakter!

Postet av Vinje Idrettslag den 25. Aug 2015

Vi treng fleire badevakter!! Har du lyst til å vere med som badevakt på Vinjehuset? Dette er ein dugnad som gjev store inntekter til laget vårt, og du gjer din del av jobben ca 1 gong i månaden. Vi vil gjerne få til eit livredningskurs i løpet av hausten- så meld di interesse og bli med på ein viktig jobb!

Er du interessert eller har spørsmål kontakt leiar, Maria Bruleite Bjåen, på mail: maria_b_bjaen@hotmail.com eller tlf: 91719899.

0 Kommentar

Oppdatering frå Runar og Team Synnfjell

Postet av Vinje Idrettslag den 14. Jun 2015

No er sesongen 2014/15 eit ferdig skrive kapittel. Det har vore ein innhaldsrik sesong som har ført meg til mange plassar i både inn- og utland. Beitostølen, Gålå, Røros, Madona (Latvia), Rauland og Harstad har eg no vore kjend med.

Sesongen sett under eit har vore ein liten nedtur med bakgrunn i forhåpningar og forventningar. Det var min andre sesong som senior og eg hadde eit håp om eit støre steg nærmare toppen. Likevel har eg gjennomført skirenn som eg er stolt av, og som er på nivå med forhåpningane. At eit av dei gode skirenna kom med ein andre plass i Helterennet, var ekstra moro! Ein 37. plass på 10 km i NM er det det beste resultatet nasjonalt, dette gav og ein 13. plass blant dei under 23 år (U23). Eg fekk i vinter og endeleg samla eit lag til stafetten i NM på Røros med brødrane Kjell Einar og Knut Halvor Erikstein. Sjølv om målsetjingane ikkje var store, var det særs moro å kunne stå på startstreken med Vinje på brystet!

Eg veit ikkje om nokon har lagt merke til det, men Vinje IL vant faktisk StafettBirken i år! Eit uoppmerksamt augeblikk under påmeldinga frå meg førte til følgande lag under StafettBirken: Team Fjøssystemer, klubb Vinje IL / Team Synnfjell. http://www.langrenn.com/resultater-stafettbirken-2015-menn.5722499-117466.html

Førre år gjekk eg for Vinje IL og Team Synnfjell. Gjennom dette teamet har eg hatt min trenar, reist på treningssamlingar og fått skismurning på skirenn. Eit slikt team er uvurderleg for å kunne satse for fullt på ski. Detta året fortsett eg i Team Synnfjell. Før neste sesong har det vore utskifting av nokre løparar, ny sportsleg leiar, ny trenar og eit nytt smøreteam. Eg har stor tru på at komande sesong skal utvikle meg som skiløpar! Teamet høyrer til i Oppland, men er det teamet i Noreg med flest løparar frå Telemark på høgt seniornivå. I år har det kome inn to nye. Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo og Mikael Gunnulfsen frå Skien. Den nye trenaren er Jostein Vinjerui frå Rauland. Med tidlegare løpar Svein Halvor Dahl frå Bø og meg sjølv frå Vinje er me no 5 på Team Synnfjell som høyrer til i Telemark!

Sommaren er allereie full i hendingar. Eg skal vere trenar på skiskulen under Sommarland Skifestival. Her kan eg nytte min nyleg gjennomførte Bachelor i Idrettsvitenskap frå Høskulen i Lillehammer. Eg fekk og eit tilbod å reise til Chamonix i sommar i forbindelse med eit forskingsprosjekt som skal sjå på høgdetrening. Av ulike grunnar takkar eg nei til dette. Eg blir dermed heime i Vinje store delar av sommaren. Mot slutten av August skal eg og delta på Toppidrettsveka, det blir spennande å konkurrere mot dei beste skiløparane i landet!



Her er planane mine for sommaren:

12-18. Juni Samling på Vikafjellet med Team Synnfjel

24-28. Juni Trenar på Sommarland Skifestival

02-07. August Samling med Team Synnfjell

20-22. August Toppidrettsveka i Aure og samling med Team Synnfjell



Då er det bare og brette opp erma og trene fram mot ein ny sesong!

Følg med på www.teamsynnfjell.no, teamsynnfjell på Instagram eller Facebook



GOD SOMMAR TIL ALLE HEIME!


Med venleg helsing frå Vikafjellet

Runar Skaug Mathisen








0 Kommentar

Morgedal IL inviterar til sommaraktivitetar

Postet av Vinje Idrettslag den 1. Jun 2015

I sommar arrangerar Morgedal IL to morosame arrangement. Det eine er Ordalsåta opp 21. juni og Morgedal Multisport 22.august.

Meir om Ordalsåta opp kan du lese her: http://www.vest-telemark.no/Aktoer/Morgedal/Arrang...

Meir om Morgedal Mutisport kan du lese her: http://www.vest-telemark.no/Aktoer/Morgedal/Arrang...






0 Kommentar

Tildeling av deltakartilskot

Postet av Vinje Idrettslag den 27. Mai 2015

Vi har motteke søknadar og tildelt deltakartilskot for 2014. Dei som fekk tildelt tilskot var:

Guro Ingebjørg Kleiv- fotball, langrenn og terrengløp/løp
Åsne Margrete Kleiv- langrenn, terrengløp/løp
Runar Skaug Mathisen- langrenn

Vi gratulerer dei 3 og ynskjer dei lukke til vidare!


0 Kommentar

Avslutning barneidretten

Postet av Vinje Idrettslag den 18. Mai 2015

13 mai hadde denne fine gjengen i Barneidretten 2014/2015 avslutning. Gymmen blei avslutta ute med leik, kaker og saft. Tusen takk for eit fint år med Barneidretten!



























0 Kommentar

Deltakartilskot

Postet av Vinje Idrettslag den 27. Apr 2015

Du kan søkje om deltakartilskot om du har delteke på store idrettsarrangement eller hatt mykje reiseutgifter i samband med idretten din! Meir info her: Deltakartilskot, annonse avisa 2014.doc

0 Kommentar

Vinnarar av turbøkene, vinteren 2014/2015

Postet av Vinje Idrettslag den 14. Apr 2015

Vinterbøkene er trekt!

Vinnarar u/15 år er: Emilie Sandvik og Margit Kostveit!
Vinnarar o/15 år er: Grethe Tvitekkja og Emilie Kristensson

Vi gratulerer så mykje! Trimgruppa tek kontakt med vinnarane så dei får sine premiar.














0 Kommentar

Sakliste, årsmøtet

Postet av Vinje Idrettslag den 16. Mar 2015

Under finn du saklista til årsmøtet. Årsmøtet er onsdag 18.03, k 1800 på Vinjehuset (Blåmann).

Vi ynskjer alle medemmar velkommen!

Sakliste årsmøtet




0 Kommentar

Årsmøte

Postet av Vinje Idrettslag den 24. Feb 2015

Det blir årsmøte i Vinje IL onsdag 18.mars på Vinjehuset, kl 1800.

Saker som ein vil ha opp på årsmøtet må sendast styreleiar Maria Bruleite Bjåen (maria_b_bjaen@hotmail.com/Åbøvegen 15, 3890 Vinje) innan 4. mars.

Endeleg sakliste kjem på www.vinjeil.no.

Me ynskjer alle medlemer vel møtt!

Styret









0 Kommentar

Telemark idrettskrets innsatspris 2014

Postet av Vinje Idrettslag den 15. Feb 2015

Telemark Idrettskrets Innsatspris gjekk i år til Øyvind Kili – GRATULERER!

TELEMARKS IDRETTSKRETS INNSATSPRIS, 2014.

Kandidaten er en inspirator for mange med sitt glødende engasjement for fotballen i sitt distrikt.

Kandidaten har vekket interesse og motivasjon hos spillere, trenere og ledere.

Dette har kandidaten gjort gjennom å gi veldig mye av seg selv, sin tid og sin kunnskap for å gi barn og unge muligheten til å spille fotball og utvikle seg som spillere.

Kandidaten gir barn og unge treninger prega av glede, utfordringer, mestringsfølelse, og kandidatenbruker nettverket sitt på en positiv måte som gir spillerne opplevelser både på og utenfor fotballbanen.

Kandidaten har bidratt både på jente- og guttesiden og har over tid bidratt i flere klubber med sin kunnskap, engasjement og sosiale ferdigheter.

Kandidaten har klare tanker om hvordan vi sammen kan få til aktivitet og utvikling, noe som gjør det spennende å samarbeide med ØYVIND KILI!







0 Kommentar

Vaffelsondagar i Jønnardalen

Postet av Vinje Idrettslag den 11. Feb 2015

Det blir vaffelsondagar i Jønnardalen sondag 15.02, 22.02, 01.03! Vaffelsal kl 11-14. Ein fin skitur for store og små!




0 Kommentar

Medlemskort

Postet av Vinje Idrettslag den 23. Jan 2015

Du kan no logge deg inn på www.minidrett.no og skrive ut medlemskortet ditt! Logg deg inn og trykk deg inn på "medlemskap". Deretter trykker du på "medlemskort". Du får då kortet lasta ned som pdf fil på din pc og kan skrive det ut.




0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline