Trekning av jolekalender

Postet av Vinje Idrettslag den 15. Des 2014

Her finn du vinnarar av jolekalenderen til Norway Cup- gruppa! Gåvene kan hentast på Silkevippa!



God jol!


Til deg som er medlem i Vinje IL

Postet av Vinje Idrettslag den 6. Des 2014

Vinje IL- eit idrettslag drive på dugnad

Vinje IL er eit fleiridrettslag med om lag 600 medlemmar. Vi har fotballgruppe, skigruppe, volleyballgruppe, sykkelgruppe, trimgruppe og barneidrett. Alle desse gruppene har eit styre og tilbyr ulike aktivitetar der det er frivillige sjeler som står bak. Vi har badevakter som stiller på dugnad slik at bassenget er ope, løypekøyrarar som trakkar løyper, trenarar og lagleiarar. Skikarusellen i Brubakk blir ikkje bare ordna av seg sjølv, det gjer heller ikkje Vinjecupen, klubbdressar, fotballskulen, barneidretten, friidrettsleikane, Vinjerennet eller vaffelsondagane i Jønnardalen. Leiarar, kasserarar, sekretærar, styremedlemmar planlegg og brukar mykje av si fritid for at flest mogeleg skal ha eit aktivitetstilbod å gå til. Også har vi og dei som stiller opp kvar veke som trenar eller lagleiar.. Kva skulle vi gjort utan dei?

I desse dagar har du fått e-post frå oss i idrettslaget. Det gjeld din medlemskontigent. For at alle desse dugnadsåndene står på å gir oss mange tilbod, må dei som deltek betale medlemskontigent. Vi vil vel fortsatt ha premiar ved endt fotballsesong eller skisesong, fotballbane, skiløyper og utstyr? Eller Vinjecup, Vinjerenn, barneidrett, vaffelsondagar og fotballskule?

I e-posten har du fått brukarnamn og passord til å logge inn i www.minidrett.no, der det ligg informasjon om ditt medlemskap og eit betalingskrav. Har du familiemedlemsskap kan du legge inn dine familiemedlemmar her, om dei ikkje ligg der allereie. Betalingskravet som ligg i minidrett gjeld din medlemskontigent for 2015, difor får du ikkje skrive ut medlemskortet ditt før i januar 2015. Medlemskortet finn du på www.minidrett.no under medlemskap.

Har du eller dine aldri vore medlem før, er det fint om du sender inn namn, adresse, e-postadresse, fødselsnr til laila.apeland@gmail.com. Er det born under 10 år som blir meldt inn, blir dei lagt inn som familiemedlem, og du må oppgi namn, adresse, e-post og fødselsnr på foreldre og syskjen i tillegg.



Prisar på medlemskontigent er: 300kr for enkeltmedlemskap, 600kr for familiemedlemskap

Betalar du medlemskontigent i eit anne idrettslag og kun trenar hjå oss, får du kun betalingskrav på treningsavgifta.

Som medlem i Vinje IL får du -10% på alt du kjøper, når du viser medlemskortet ditt på Sport1 Fristadsenteret. På fotballutstyr og skiutstyr får du -20% når du viser medlemskortet ditt! Fram til du kan skrive ut ditt medlemskort for 2015 på www.minidrett.no, kan du bruke ditt noverande medlemskort!



Styret


Vi har tatt i bruk Norges Idrettsforbunds løysing for medlemsadministrasjon.

Postet av Vinje Idrettslag den 24. Nov 2014

Her kjem litt info om den nye løysinga vi har tatt i bruk for medlemsadministrasjon. Er du medlem og har e-postadresse registrert i systemet vårt, har du i dag fått e-post med info om medlemsskap og innlogging i www.minidrett.no. Lurar du på noko etter du har lest infoskrivet kan du ta kontakt med Laila Apeland på e-post laila.apeland@gmail.com eller på tlf 91754623. Me ber alle som ikkje har mottatt denne e-posten om å sende ein e-post til laila.apeland@gmail.com der du oppgjev e-postadressa di. Du kan og sende ein e-post til sama adresse om du ynskjer å melde deg inn i Vinje I

Infoskrivet finn du her: Informasjon_i_klubb_om_KlubbAdmin.pdf


Bruk av idrettshall 2014-2015

Postet av Vinje Idrettslag den 23. Sep 2014

Her er oversikt over bruk av idrettshallen på Vinjehuset sesongen 2014-2015. Bruken av Idrettshallen, Vinjehuset 2014 2015.pdf

For spørsmål ta kontakt med Maria Bruleite Bjåen, maria_b_bjaen@hotmail.com/tlf 91719899


Treningsleiarkurs, langrenn, i Høydalsmo

Postet av Vinje Idrettslag den 26. Aug 2014

I haust vil Telemark Vestfold skikrets arrangere ulike kurs i Telemark. Det mest aktuelle er kanskje Treningsleiarkurs (Trenar1) kurs i Høydalsmo 6.-7.september. For invitasjon og påmelding sjå her: http://www.skiforbundet.no/telemark-vestfold/utdanning-tvsk---trenertd-kurs-mm/

Fint om dei som melder seg på seier ifrå til Tone Midtbø (leiar i skigruppa, tlf 995 75 536) eller Maria Bjåen (leiar idrettslaget, tlf 91719899).

Håpar nokon melder seg på :)


Toppidretsstipend

Postet av Vinje Idrettslag den 25. Aug 2014

Det er no mogleg å søkje om toppidrettsstipend frå Telemarsk Fylkeskommune! Søknadsfrist 1.oktober! Fylkeskommunen set av 200 000kr kvart år til dette stipendet, og er du mellom 18 og 22 år og driv med idrett kan du søkje!

For meir info om stipendet sjå her: http://www.telemark.no/Vaare-tjenester/Kultur-og-i...





Kampoppsett Vinjecup 2014

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Aug 2014

Her er kampoppsett for laurdagens Vinjecup! Kamoppsett Vinjecupen 2014.docx

-  Kampane går mellom kl. 09:30 og 14:15 (Vedlagt kampoppsett)
-  Parkering opnar kl 09.00 og er lokalisert til Vinjehuset og
   Groven Camping, 200 m frå fotballbanen. 
- Parkeringsavgift kr. 50,- (gjeld for heile Åmot).
  P-plassen ved Vinjehuset er reservert funksjonærer,
  lagleiarar og trenarar. (Gratis! Ved ynskje å parkere andre
  stader i Åmot må ein kaupe parkeringsbillett.)
- Det vil vere opphald i turneringa med premieutdeling for alle
  deltakarar mellom kl 11:30 og 12:15
- Sal av mat og drikke på plassen.
-  Garderobar tilgjengeleg på førespurnad.
- Me har dessverre ikkje tribune fortida, så tak gjerne med eigne campingstolar.

Velkommen til ein dag med mykje god fotballunderholdning :)

 


Oddspelar på Vinjecupen!

Postet av Vinje Idrettslag den 22. Aug 2014

På laurdag under Vinjecupen vil me få besøk av Oddspelar Ole Jørgen Halvorsen.Han tek turen for å helse på alle fotballspellarane og har du lyst til å treffe ham så er han på Åmot stadion ca. kl. 14.00



Deltakartilskot 2013

Postet av Vinje Idrettslag den 4. Jul 2014

Vi har tildelt deltakartilskot for 2013 til Sigrid Eun Kringlebu (fotball, kretslaget), Ingvild Nyhus Bjåen (fotball, kretslaget), Mari Apeland Fossland (fotball, kretslaget), Runar Skaug Mathisen (langrenn).


Motbakkeløp

Postet av Vinje Idrettslag den 25. Jun 2014

I helga, 21.og 22.juni blei det arrangert motbakkecup i Vest Telemark. Fyrst var det Panorama opp i Vrådal på laurdag og søndag var det Ordalsåta opp i Morgedal. Vinje IL hadde 6 spreke deltakarar med som gjennomførte med glans! Her finn du resultat og meir om Ordalsåta opp: Ordalsåta opp 2014



Fotballskule på Åmot stadion

Postet av Vinje Idrettslag den 24. Jun 2014

Super fotballskule med oppfylde draumar!

6.-7. juni deltok 97 unge frå Vest-Telemark på Vinje fotballskule og fekk ei
uforgløymeleg helg med engelske fotballtrenarar.
Trenarane frå Colchester United var; Scott Peat, John Duckett, Danny King,
Tony Ashby og akademisjef Sean Thacker. Dei stod klare laurdags fyremiddag
til to dagar med fokus på teknikk, tempo og mykje ballkontakt. Samtidig med
dette var det viktig at spelarane kosa seg med fotballen og det såg det ut til!
Sundag ettermiddag drog spelarane slitne, men veldig nøgde, heim etter å ha
fått oppleve draumen med profesjonelle engelske fotballtrenarar.
4 deltakarar frå fotballskulen har blitt bedt over til England for prøvespel og trening ei
lang helg i august! Dei dreg over med Øyvind Kili som er eldsjelen bak fotballskulen.
Lukke til!




Nye heimesider

Postet av Vinje Idrettslag den 8. Apr 2014

Dette er dei nye heimesidene våre.


Årsmøte i idrettslaget

Postet av Vinje Idrettslag den 11. Mar 2014

Vinje IL
Årsmøte 12. mars 2014 kl. 18.00
Vinjehuset

Sakliste

1.Godkjenning av stemmeberettiga.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av dirigent, sekretær og 2 til å skrive under protokollen.
4. Årsmeldingar – vedlegg 1
5. Rekneskap 2013 – vedlegg 2
6. Budsjett 2014 – vedlegg 3
7. Medlemskap i sykkelgruppa for medlemer i IL Dyre Vaa og IL Rein.
8. Val