Tur til Vehuskjerringa

Postet av Vinje Idrettslag den 8. Jun 2016

Hei alle sammen!

Kvar måndag er det ein gjeng som går til Vehuskjerringa. Oppmøte ved bommen på skogsbilvegen på Vehus, kl 1800. Dess fleire ein er jo trivlegare blir det..

Alle følger eige tempo, og alle kjem seg opp!

Sleng deg med og få deg ein topptur!






Tøpp 5!

Postet av Vinje Idrettslag den 2. Jun 2016

Trimgruppa prøvar i år noko nytt!

TØPP 5 har me kalla det. Her er ideen at du må koma deg opp på 5 toppar i løpet av sommaren/hausten.

Toppane er : Hyljås, Fonnlinuten, Furufjell, Vehuskjerringa og Fjellhovdane.

Klarar du dette er du med i trekninga på eit gåvekort verdi 2000 kr. Kortet finn du i postkassene, det må leverast innan 24.oktober på Sport 1 i Åmot.

I tillegg til TØPP 5 har me framleis turbøkar, der du også kan vinne gåvekort.
Postkassene finn du her :

Vehuskjerringa ,Fonnlinuten, Hyljås, Gapahuken (ved Hyllandshylen) Ormetjønn, Brubru, Steimerre, Kappelnuten , Jønnardalen , Mærstøyl, Fjellhovdane, Eivindskvileplass, Espelid, Smørkleppdalen (Sandhyl, Fitjevatn, Leistveit), Furufjell (NY!).
Kart over toppane og turløypene kan du kjøpe på Sport 1, Tenestetorget, Esso, Groven camping og Rauland turist.
Me ynskjer alle ein riktig fin tursommar!
Trimgruppa




Trekking av trimbøkar vinteren 2015/2016

Postet av Vinje Idrettslag den 16. Apr 2016

Trimgruppa har trekt ut vinnarar frå trimbøkar!

Vinnarar u/15 år:

Aslaug T. Skjævesland

Liv Randi Groven


Vinnarar over 15 år:

Dagen Vesaas

Grethe Tvitekkja


Vinnarane blir kontakta!





Trimbøkar 2015

Postet av Vinje Idrettslag den 26. Okt 2015

Trimgruppas bøkar for sommaren 2015 er trekt! Og desse har vunne gåvekort:

Under 15 år: Aslaug Ringhus og Liv M. Ljostad

Over 15 år: Marit Kostveit, Annika Sheine, Leiv Kostveit, Jorun Solberg.

Vinnarane blir kontakta av trimgruppa.


Trimgruppa, Vinje IL


Vinnarar av turbøkene, vinteren 2014/2015

Postet av Vinje Idrettslag den 14. Apr 2015

Vinterbøkene er trekt!

Vinnarar u/15 år er: Emilie Sandvik og Margit Kostveit!
Vinnarar o/15 år er: Grethe Tvitekkja og Emilie Kristensson

Vi gratulerer så mykje! Trimgruppa tek kontakt med vinnarane så dei får sine premiar.