Les korleis Runar førebur seg til ny sesong!

Postet av Vinje Idrettslag den 27. Okt 2019

Me er glade for at Runar delar litt om korleis sommaren/hausten har vore og korleis han førebur seg til ny sesong!

Me ynskjer Runar LUKKE TIL og ser fram til mange sterke prestasjonar nok ei gong!


Sommar- og haustsesongen 2019.pdf


0 Kommentar

Deltakartilskot for 2018

Postet av Vinje Idrettslag den 19. Mai 2019

Er du medlem av Vinje IL og har delteke på større arrangement, eller hatt høge reiseutgifter i samband med idretten din i løpet av 2018? Då kan du søkje om deltakartilskot frå idrottslaget. Søknad med kostnadsoversikt sendast til Vinje IL v/Ingrid Sudbø Tveito, Juvbakkstubben 4, 3890 Vinje, eller på epost til vinje.leiar@gmail.com. Søknadsfrist 07.06.2019. 

Styret Vinje IL


0 Kommentar

Helsing frå Runar

Postet av Vinje Idrettslag den 29. Mar 2019

Runar Skaug Mathisen byrja sesongen med sjukdom, men har hatt fleire knallsterke prestasjonar siste tida! Les oppdatering frå Runar her - no ladar han opp til NM 5-mila og me ynskjer LUKKE TIL!


Mine beste langløp.pdf 


0 Kommentar

Ny leiar av fotballgruppa er på plass!

Postet av Vinje Idrettslag den 21. Mar 2019

Me har gleda av og informere om at Sigrid Hylland og Jeanette Aamyri Olsnes saman tek på seg vervet som leiar av fotballgruppa!
Uvisst om NRK har ei nøkkelrolle i denne avgjerda men me er uansett utruleg takksame og glade for at dei tek på seg jobben!😀

Leiar av trimgruppa er dermed eit ledig verv som me håpar fell på plass snarast. Sigrid har hatt dette vervet i fleire år. Ta gjerne kontakt med Sigrid om du lurar på kva vervet inneber. I hovedtrekk er det ansvar for vaffelsteikarar i Jønnardalen, barnetrimmen innandørs om hausten, turløypene/turkort. Meld deg til valnemnda, leiar eller Sigrid.


0 Kommentar

Sponsoravtale med Heimat

Postet av Vinje Idrettslag den 21. Mar 2019

Me har gleda av og informere om at me har inngått sponsoravtale med Heimat for 3 år!

Dette gjev gode fordelar for medlemmane våre:

heimat vinje klubbfordelar.pdf


Me ser fram til samarbeidet og er veldig glade for og ha fått Heimat med på laget vårt!


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline